Student i Bergen?

Bergen kommune gjev 2000 kroner til studentar for å melde flytting til Bergen. Til heradsstyremøtet i mai vil det i Kvam bli lagt fram sak der det vert føreslege å gje eit gåvekort på 3000 kroner for at du beheld adressa i heimkommunen din.

bilde av ung kvinne som tek foto av solnedgang i bergen by - Klikk for stort bileteStudentar i Bergen frå Kvam finn ofte vegen til Fløyen.

Då beheld du gjerne fastlege og foreldre sin forsikring i tillegg. (Les meir om det nedst i artikkelen.)

Det vil verta lagt fram like framlegg i dei andre hardangerkommunane.

Gåvekort på 3000,- vert altså gjeve til studentar under 27 år som:

  • Har studiestad i Bergen (studentbevis må framleggjast, der det går fram at studieavgift er betalt)
  • Er folkeregistrert i Kvam (kvittering for meldt flytting vil også gjelda)

Bakgrunn

Bergen gjev gåvekort til studentar som melder flytting til Bergen. Om dei får inn dei 1000 tilflyttarane dei håpar på, kostar det dei to millionar. Men dei får mellom 17 og 18 millionar i statleg innbyggjartilskot. I tillegg får Bergen skatteinntekter frå eventuelt arbeid som studentane har.

Det er all mogleg grunn til å tru at store delar av dei som melder flytting kjem frå omegnskommunane. Det meiner Hardangerordførarane ikkje kan få stå utan at me iverksett mottiltak.

Hardangerrådet har difor fatta følgjande vedtak:

Hardangerrådet går inn for å laga ei ordning med gåvekort for studentar i Bergen på kroner 3000 kroner, for å ha adresse i heimkommunen sin

 

Sjekk konsekvensane!

Melding av flytting kan ha nokre konsekvensar som ein gjerne ikkje er klar over. Meir informasjon om kva du må vurdera ved eventuell melding av flytting finn du i tekst og lenker under her.

Frå Huseierne si nettside:
Er du student?
Da er det i mange tilfeller lurt og riktig å beholde folkeregistrert adresse hjemme hos de foresatte de første årene.

  • Blant annet vil man da i mange tilfeller fortsatt være omfattet av noen av foreldrenes forsikringer.
  • Samtidig bør man være klar over at det kan ha visse innvirkninger på tjenester som for eksempel fastlegeordningen
  • Og at man stemmer til hjemkommunen

Kilde: https://www.huseierne.no/nyheter/ma-man-bo-der-man-er-folkeregistrert/

Les kva Skatteetaten skriv om å melde flytting for studentar - i lenka under.

https://www.skatteetaten.no/presse/nyhetsrommet/frivillig-a-melde-flytting-for-studenter/