Strandebarm vann Klassequizen!

Torstein Måge, Sander Eide Aase og Tove Haslum gjekk heilt til topps. Skjermbilete frå NRK.no Strandebarm skule vann Klassequizen, som du kunne sjå finala av på NRK i kveld. Dermed gjekk dei heilt til topps av 543 påmeldte skular.

Me gratulerer Tove, Sander og Torstein, som gjennom å vinna heile Noregs klassequiz har synt oss at kunnskap er både kjekt og lurt. 

– De er supre ambassadørar for dykk sjølve, for Strandebarm skule, for bygda, for kvammaskulen, for Kvam og for Hardanger, helser Beate Gauden, barnehage- og skulesjef for Kvam herad. 

Fekk du ikkje med deg finala? Du kan sjå både finala og tidlegare program på NRK sine nettsider