Strandebarm omsorgssenter: arbeid med massedeponi i full gang

Transport av sprengstein til tomta for nytt omsorgssenter på Tangerås er no i full gang. Steinen kjem frå vegutvidinga for gang og sykkelveg på Odland-Lidarende.

  

Grunntilhøva på tomta for omsorgssenteret er klårlagt gjennom ei såkalla geoteknisk vurdering. Dette gjer at steinmassane kan leggjast ut på ein fornuftig måte Heradet får dei tilførte massane til ein svært gunstig kostnad, og steinfyllingsarbeidet er venta å halda fram til slutten av mars.

Jordvern vert ivareteke gjennom at overskotsmassar av vekstjord vert fordelt til bønder som driv heiltidsjordbruk i nærområdet, anten til nydyrking eller til å oppgradera eksisterande dyrka mark. Dette vert gjort i samarbeid med bondelaget.

Det vil verta naudsynt å leggja om høgspentkabelen i området, eit arbeid som venteleg vert gjort i løpet av februar.