Startar vaksinering og flyttar teststasjon

Kvam herad får levert dei fyrste 35 dosene av vaksina mot COVID-19 i løpet av morgondagen. Torsdag startar vaksineringa.

  

Det er dei som har langtidsplass på sjukeheim som står fyrst i køen. – Vaksinene vert prioritert ut frå faglege vurderingar, fortel kommuneoverlege Dag Erlend Skjelbreid. – Det inkluderer omsyn til alder og risikosjukdom, og det er ein stor kabal som skal gå opp.

Dei komande vekene reknar Kvam herad med å få rundt 35 vaksinedoser i veka, men dette er berre eit anslag. Ein del av vaksinene kan også verta gjeve til helsepersonell.

Ordførar Torgeir Næss gler seg over at ein no kan starta vaksineringa også i Kvam. – No ser me endeleg ljos i enden av tunnelen.

Ny teststasjon

Dersom du får behov for koronatesting i Kvam frametter vert teststasjonen elles flytta frå den gamle Helsebanken i Øystese til ein ny rubbhall på Sandven. Det meste har kome på plass der i løpet av måndag 4. januar, og den nye teststasjonen opnar i morgon, tysdag. 

Som før må ein bestilla time per telefon. I Kvam kan ein ringja Kvam legevakt sitt eige telefonnummer for koronatestar, 900 46 590 (vekedagar 0830 - 1600).