Soppsesongen er i gang

Dei fyrste kantarellane har forlengst dukka opp også på våre trakter, og også andre gode matsoppar. Men hugs: Et aldri sopp du er i tvil om! Nokre soppar i norsk natur er så giftige at sjølv ein liten bit kan føra til alvorleg forgiftning. I denne artikkelen finn du nyttige tips om du skal plukka sopp.

Øyvind Strømmen

Det finst ei rekkje gode matsoppar i norsk natur, men mange av dei har også giftige "dobbeltgjengarar", og det er ikkje alltid lett å skilja mellom giftig sopp og matsopp, særleg ikkje for nybyrjarar.

Norges sopp- og nyttevekstforbund har laga denne videoen som gjev deg nokre nyttige tips:


1. Ha riktig utstyr

Du treng ei soppkorg, eventuelt eit soppnett. Ha gjerne også med eit par mindre beger, slik at du kan leggja sopp du er usikker på og vil undersøka nærare, ta med på soppkontroll eller senda inn til Digital Soppkontroll (ein app som er tilgjengeleg for Android og iPhone). Denne tenesta. Det er også lurt å ha med ein kniv, til dømes ein liten rotkniv frå kjøkenet eller ein soppkniv, gjerne med børste. Du bør dessutan ha ei soppbok, av nyare dato og norsk opphav. Det kjem stadig ny informasjon om soppar og forgiftning, så det er viktig at soppboka ikkje er utdatert. 

Sopp tåler ikkje å bli lagt i plastposar, og kan fort verta dårleg av dette.

2. Gå for dei sikre sortane

Det finst ei lang rekkje gode matsoppar i norsk natur, men mange av dei har også giftige "dobbeltgjengarar", og det er ikkje alltid lett å skilja mellom dei, særleg ikkje for nybyrjarar. Blant dei enklaste soppane å læra seg er kantarell, bleik biggsopp og matriske

Det fyrste du gjer når du skal identifisera ein sopp er å sjå under hatten. Då ser du sporelaget, og du kan sjå om du har funne ein piggsopp, ein rørsopp, ein ribbesopp eller ein skivesopp:

  • Den bleike piggsoppen har piggar under hatten og lys farge, og er trygg å eta. Den einaste forvekslingsarten er raudgul piggsopp, som også er ein god matsopp. Merk: Det finst også piggsoppar med mørkare hattefarge, til dømes granskjellpigg. Desse er ikkje matsopp.
  • Rørsoppar kan sjå ut som dei har ein svamp under hatten. Ingen av rørsoppane som veks i Noreg er svært giftige, men nokre av dei smakar ubehageleg (ikkje minst gallerørsopp, som smaker ... galle) og andre kan gje forgiftning (magetrøbbel, kvalme, oppkast) om dei ikkje vert varmebehandla godt, til dømes raudskrubb
  • Kantarellen er ein ribbesopp, som er lett å kjenna att på ribbene og den tydelege gulfargen. Den kan forvekslast med falsk kantarell, som det var mykje av sommaren 2018, men den falske kantarellen er ein skivesopp, og er matt i overflata. Medan den ekte kantarellen er eggegul, er den falske har raudgul eller bleikgul farge. Den falske kantarellen er ingen matsopp, men heller ikkje ein særleg giftig sopp.
  • Skivesoppar er meir kompliserte. Dei farlegaste giftsoppane i Noreg, som kan gje alvorlege nyre- og leverskader og i verste fall vera dødelege, er skivesoppar: spiss og butt giftslørsopp, kvit og grøn flogesopp, og flatklokkehatt. Det kan difor vera greitt å halda seg unna skivesoppar til du har meir erfaring og kunnskap. Matriska er unntaket. Dette er ein gulrotfarga sopp som lekker gulrotfarga væske når du skjer i han. Matriska er ein framifrå matsopp, men det kan vera verdt å vita at ein kan få raudfarga urin av å eta han! På YouTube finn du ein nyttig film om matriska.

Med mindre du er ein soppekspert, bør du unngå:

På nettsidene til Folkehelseinstituttet finn du ein brosjyre om giftsopp, med meir informasjon om ein del vanlege giftsoppar.

3. Sjå opp (eller ned) for mark!

Insekt og mark er glad i ein del sopp, til dømes den populære matsoppen steinsopp. Her kjem soppkniven til nytte, skjer over soppen. Dersom du finn eit heilt lite bysamfunn der inne, er det ikkje stas å ta slik sopp med heim.

4. Et ikkje rå sopp

Å eta rå sopp kan lett gje magetrøbbel: Sopp skal alltid tilberedast før du et han.

5. Et aldri sopp du er i tvil om

Hugs også på at giftsopp og matsopp kan veksa nær kvarandre. Den populære matsoppen traktkantarell opptrer gjerne i store mengder når ein finn han, og giftslørsopp kan veksa same stad. Sjølv om dei to soppane eigentleg liknar svært lite på kvarandre, har det vore fleire tilfelle av alvorleg soppforgiftning fordi sopplukkarar i vanvare har fått med seg ein giftslørsopp når dei plukka traktkantarell. Hugs at du må sjå på kvar einaste sopp, og ikkje berre raska med deg sopp i mengder. På nettsidene til NRK kan du sjå eit bilete og lesa ein artikkel som godt illustrerer fåra!

Sjå også denne videoen frå Norges sopp- og nyttevekstforbund om soppkontroll:
 

 

Mistenker du at du kan ha fått i deg giftig sopp? Kontakt lege, eller Giftinformasjonen på døgnopen telefon 22 59 13 00.