Sommaropningstider

Klikk for stort bileteKvam rådhus har sommaropningstider (kl. 10 - 14) frå 20. juni til 19. august. Her finn du også ein oversikt over andre opningstider i sommar.

Fellessekretariatet vil ha låg bemanning i heile juli, grunna ferieavvikling. 

Bibliotek

Biblioteka i Strandebarm og Ålvik held sommarstengt, frå 16. juni og 24. juni. Biblioteket i Norheimsund har sommartider frå 17. juni t.o.m. 21. august. Dei er då opne tysdagar 12-16, onsdagar 10-16, torsdagar 12-19 og fredagar 10-16.

Helse

  • Helsebanken legekontor og Norheimsund legesenter er opne heile sommaren.
  • Strandebarm legekontor er stengt frå 27. juni til 24. juli.
  • Ålvik legekontor er stengt frå 4. juli til 7. august. Frå 1. august vert telefonen ved Ålvik legekontor besvart frå Helsebanken. 
  • Hardangerbadet fysioterapi er opne heile sommaren.
  • Strandebarm fysioterapi er stengt frå 18. juli til 14. august.
  • Hardanger fysioterapri er stengt frå 11. juli til 24. juli.
  • Norheimsund fysioterapi er stengt frå 11. juli til 7. august.
  • Fysioterapitenesta for eldre/vaksne er open heile sommaren.
  • Fysioterapitenesta for born og unge har ferie frå 25. juli til 14. august.
  • Ergoterapitenesta har ferie frå 27. juni til 24. juli.