Skanna arkiv frå Vikør og Strandebarm

Som Hordaland Folkeblad meldte i førre veke har Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKAH) digitalisert eldre arkiv frå både gamle Vikør herad (som vart til Kvam i 1911) og frå tidlegare Strandebarm herad (som vart ein del av Kvam i 1965). 

Klikk for stort bileteFrå ein formannskapsprotokoll.   

Arkiva er å finna på ikah.no og på digitalarkivet.no. Arkiva etter Strandebarm kommune er digitaliserte for åra 1837 - 1921, medan arkiva frå Vikør og Kvam er tilgjengelege i Digitalakrivet for åra 1838 - 1921. 

Strandebarm formannskapssdistrikt / Strandebarm herad omfatta til å byrja med både Jondal og Varaldsøy, som etterkvart var skilt ut som eigne kommunar. 1. januar 1965 vart det meste av Strandebarm slått saman med Kvam herad. Det vart også Tørvikbygd, som hadde vore ein del av Jondal, samt Mundheim, som som hadde vore ein del av Varaldsøy kommune. Samstundes vart Åsgrenda (Bjotveit, Storås og Litlås) sør for Hardangerfjorden, som hadde vore ein del av Kvam herad, overflytta til Ullensvang.

Dermed kan det nok også vera av interesse at også arkiva til kommunane som er slegne saman til Ullensvang no er digitaliserte. 

– Digitalisering av kulturarva

Digitalisering av historiske møtebøker for herada og formannskapsprotokollar er ein del av Kulturdepartementet sin strategi for digitalisering av kulturarva. – At arkiva vert tilgjengelege for ålmenta, er med og sikrar at innbyggjaranei  Kvam herad får den demokratiske retten til offentleg dokumentasjon og kulturarv, fortel Rune Lothe i IKAH til HF.

IKAH har digitalisert 38 ulike prokotollar og arkiv frå Strandebarm og frå Vikør. I tillegg til formannsskapsprotokollar er også arkiv etter fattigstyra og skulane skanna. Du finn materialet her: