Samrøystes formannsskap stør planprogram

Kart over dei ulike alternativa som skal utgreiast nærareEit samrøystes formannskap i Kvam herad rår til at heradsstyret vedtek planprogrammet for kommunedelplan Fv7 Tokagjelet, med tillegg om at det må vera med ei utgreiing om korleis eit kort tunnelalternativ kan forlengast seinare. 

Formannskapet gjekk også inn for å leggja ved ein merknad om at den nye vegløysinga - dersom den i hovudsak vert eit rassikringprosjekt - bør løysast innanfor rammene for fylkesvegmidlar og statlege rassikringsmidlar.

Den eksisterande fylkesvegen gjennom Tokagjelet er som kjent svært utsett for skred, noko som inneber risiko for stengt veg, og også direkte fare for tap av liv og helse. Fylkeskommunen har i sitt investeringsprogram for fylkesvegnettet prioritert utbygging av ny fylkesveg 7 forbi Tokagjelet frå 2021 og utover.

I tillegg til arbeid for trafikksikring, har Kvam herad over tid arbeidd for tunnelløysingar under Kvamskogen, for slik å verta ein meir integrert del av ein større arbeidsmarknad i og rundt Bergen.

Planprogrammet inneber at fleire ulike tunnelalternativ skal utgreiast vidare i kommunedelplanen. Det inkluderer både kortare alternativ (frå Steinsdalen til Kvamskogen / Eikedalen) og lengre alternativ (frå Steinsdalen til Frøland).