Retningslinjer for klima- og energifond i Kvam - vedtekne i heradsstyret 08.11. 2022

Klikk for stort bilete 

 

 

Retningslinjer for klima- og energifond i Kvam - vedtekne i heradsstyret 08.11. 2022

1. Føremål

Klima- og energifondet i Kvam herad skal brukast til å finansiera tiltak som er til beste for klimaet og energibruken i Kvam herad, samt stimulera til miljøvenleg samfunns- og næringsutvikling. Fondet skal medverka til å initiera og stimulera igangsetjing av gode prosjekt både i eigen og andre sin regi. Fondet sine midlar skal normalt berre brukast til tiltak som gjev miljøeffekt i Kvam herad. Kommunen skal for øvrig hjelpa til med informasjon om andre aktuelle støtteordningar dersom dette er aktuelt. Det er sett av 8 mill.kr. samla til tiltaka.

2. Tiltak for private

Kvam herad opprettar ei stønadsordning for klima- og energisparetiltak som ikkje er støtta av ENOVA. For tida gjeld dette følgjande tiltak for private bustader, fritidsbustader, burettslag og sameige:

  • Luft til vatn varmepumpe
  • Luft til luft varmepumpe
  • Avtrekksvarmepumpe
  • Reintbrennande vedomn
  • Etterisolering
  • Montering av tettelister
  • Lågenergi vindauge
  • Energieffektiv belysning
  • Varmestyringssystema

Dersom tiltak ovanfor kjem innunder ENOVA-støtte, fell det vekk frå stønadsordninga til Kvam herad. Per i dag har ENOVA støtte til m.a. energirådgjeving (inntil kr 5.000) og solcelleanlegg (inntil kr 47.500). El-bilar, el-syklar o.a. «laust» lett omsetjeleg utstyr fell utanom stønadsordninga.

3. Tiltak for verksemder og for frivillige lag/organisasjonar

Kvam herad opprettar ei stønadsordning for klima- og energisparetiltak, som ikkje er støtta av ENOVA, for følgjande tiltak for verksemder og frivillige lag/organisasjonar:

  • Tilskot til ladeinfrastruktur for elektriske køyretøy i næringslivet og andre tiltak for fossilfri maskinpark i bedrifter i Kvam

Støtte til andre ENØK-tiltak kan vurderast etter søknad, som t.d. følgjande for næringsbygg:

  • Luft til vatn varmepumpe
  • Luft til luft varmepumpe
  • Avtrekksvarmepumpe
  • Reintbrennande vedomn
  • Etterisolering
  • Montering av tettelister
  • Lågenergi vindauge
  • Energieffektiv belysning
  • Varmestyringssystema

Ungt entreprenørskapsprosjekt som kjem under målsetjinga kan og få støtte. Dersom tiltak ovanfor kjem innunder ENOVA-støtte, fell det vekk frå stønadsordninga til Kvam herad.

El-bilar, el-syklar, anleggsmaskiner o.a. «laust» lett omsetjeleg utstyr fell utanom stønadsordninga.

4. Søknads- og tildelingsprosess

Forvaltning av fondet er lagt til rådmannen, som fastset kva prosjekt som skal få tilskot, og storleiken på tilskotet etter retningslinjene.

Alle søknader skal sendast til Kvam herad og vert fortløpande handsama innan ramma for ordninga. Tilskot kan gjevast for tiltak som ikkje var avslutta per 01.06.22 og framover så lenge ordninga gjeld.

Tilskot fra kommunen sitt klima- og energifond kan berre gjevast tilsagn om, dersom aktuelt tiltak/prosjekt ikkje har fått eller søkjer om tilskot fra andre offentlege tilskotssordningar.

I søknaden skal det gjevast ei orientering om prosjektet, inklusiv prosjektet sin miljø[1]og/eller klimagevinst. Det er relevant å ta med for eksempel kva som skal gjerast, kvifor det skal gjerast, når og på kva måte. Eit budsjett for prosjektet skal også følgje med. Budsjettet skal byggje på konkrete pristilbod eller realistiske kostnadsoverslag, samt finansiering. Tilskot fra andre støtteordningar skal takast med og dokumenterast. Eigeninnsats kan reknast med, timesatsen for eigeninnsats er kr. 350.-.

Tilskota kan gjevast for inntil 30% av dokumenterte kostnader, med tak på kr 50.000. Det kan leverast ein søknad per matrikkeleigar og per verksemd. Søkjarar som vert tildelt tilskot, vil motta eit tilsagnsbrev som inneheld storleiken på tilskotet og alle vilkår som har noko å seia for gjennomføring av tiltaket, krav til rapportering, opplysningar om moglege kontrollar og at tilskot kan verta krevd tilbakebetalt dersom forutsetningane for tilskotet vert brotne.

5. Sluttrapport og rekneskap – utbetaling av tilskot

Tiltak må setjast i gang innan 1 år etter innvilga søknad og vera sluttført innan 2 år. Tiltaket må installerast for å ha rett til støtte.

Etter at tiltaket er gjennomført, skal det sendast sluttrapport med rekneskap (inkl. kopier av bilag) til Kvam herad. Sluttrapporten skal innehalda ei orientering om tiltaket, dokumentasjon på kva som er gjort og resultatet av tiltaket. Tilskotet vert utbetalt etter ei vurdering av rekneskapen opp mot søknaden og budsjettet. Tilbakemelding med informasjon om utbetalinga vil verta sendt mottakeren av tilskotet.

6. Vedtak/gjeldande frå

Vedteke av heradsstyret i sak 113/22 den 8. november 2022. Retningslinjene vert gjort gjeldande frå vedtaksdato, og gjeld så langt fondsmidlane rekk.