Resultat frå badevassprøvar

29. juli vart det gjennomført nye prøver av badevatn ulike stader i Kvam. 

Tilrådd grenseverdi for badevatn er mindre enn 100 E.coli / 100ml. Dette er resultata frå stadene som er testa i denne omgang:
  • Ålvik, ved Auganes friområde, <10
  • Ålvik, ved Vikedal, <10
  • Steinstø, ved Nanes, <10 
  • Øystese, ved Laupsa, <10
  • Øystese, ved Øysteseparken, <10
  • Norheimsund, ved Holmsund, 31
  • Norheimsund, Valland / Skipadalen, <10
  • Norheimsund, ved Fjordhotellet, 64
  • Vikøy, ved båthamna, 111
  • Tørvikbygd, ved Eidesvågen, 10
  • Tørvikbygd, ved Ståvikjo, 10
  • Ljones, ved badeplassen, 10
  • Strandebarm, ved Bruosen, <10
  • Strandebarm, ved Risosen, 306
  • Strandebarm, ved Fossvågen, <10
  • Oma, ved Småholmane, <10

Badetemperaturar i Norheimsund og Øystese finn du på smartby.no. Den vert målt av dei såkalla badetassane, og snart skal det også koma ein slik i Skårsvatnet.