Representasjonsordning for eldre og menneske med funksjonsnedsetting i Kvam. Høyring

Grafisk Kvam herad rose (Grøn) - Klikk for stort bilete

Interesseorganisasjonane, pensjonistlaga og andre interesentar vert bedt om å uttala seg til representasjonsordning og komma med forslag på representantar. Frist 1. august 2023. 

Etter kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten skal det veljast representantar til to separate råd eller eit felles råd. Dersom det skal etablerast to separate råd, må pensjonistlaga og interesseorganisasjonane vera villige til å stilla med nok representantar til å kunna oppretta to separate råd. Kvam herad har per i dag eit felles råd som består av totalt 9 medlemer inkludert ein representant frå heradsstyret. I tillegg er det valt vararepresentantar til rådet.

Interesseorganisasjonane, pensjonistlaga og andre interesentar vert bedt om å:

  1. uttala seg til om dagens representasjonsordning med eit felles råd kan halda fram, eller om det er ønskjeleg med to separate råd.
  2. uttala seg til forslag til retningslinjer (her er det teke høgd for to separate råd eller eit felles råd)
  3. føreslå representantar (til to separate råd eller eit felles råd). Representantane som vert føreslått skal ha takka "ja" til vervet på førehand og det skal leggast ved ei erklæring som viser dette.

Høyringsfrist og frist til å komma med innspel på representantar er 1.8.2023. Høyringssvar kan sendast per e-post til postmottak@kvam.kommune.no eller per post til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.

Høyringsinnspel og forslag på representantar skal merkast med: Sak 23/1301 Høyringsuttale til representasjonsordning/ forslag på representantar frå …

Prosessen vidare:

  • Høyringsfrist og frist for å komma med forslag på representantar er 1.8.2023
  • Rådmannen førebur politisk sak
  • Politisk handsaming av saka i møtebolk nr. 5. med endeleg vedtak i heradsstyret 3.10.2023.
  • Val av representantar til felles råd eller to separate råd i heradsstyret sitt møte 7.11.2023.

Direkte lenkjer under til dei ulike høyringsdokumenta: