Redningsaksjon ved Tokagjelet

Politiet har stadfesta at det er funne ein båt nedanfor fossen i Tokagjelet. Dei tre som er sakna er alle frå Askøy kommune.

Askøy kommune har oppretta eit pårørandesenter i Møllesalen i Strusshamn. – Pårørande som ynskjer å koma i kontakt med oss, kan ringa på telefonnummer 408 06 186, seier Askøy-ordførar Siv Høgtun. 

Både Askøy kommune og Kvam herad sette krisestab sundag kveld, og det har vore nær kontakt mellom kriseleiinga i dei to kommunane. – Vårt fokus som kommune har vore å ha eit tilbod til dei pårørande, og å syta for at dei har helsepersonell å snakka med og ein stad å vera, seier ordførar Torgeir Næss i Kvam. 

For å koma i kontakt med Kvam herad sitt pårørandemottak, kan pårørande ta kontakt via legevakten, på tlf. 56 55 19 10. 

- Våre varmaste tankar går no fyrst og fremst til dei pårørande. Me veit at det vert gjort ein stor innsats for å finna dei sakna. Me ynskjer å hjelpa og å støtta dei pårørande, og har difor etablert eit pårørandesenter i Strusshamn, som er ope frå måndag kl. 16. Der vil pårørande kunna snakka med helsepersonell, seier Askøy-ordførar Siv Høgtun.

Pressekontakt:

  • Spørsmål om leiteaksjonen må rettast til politiet sin pressevakt, på tlf. 55 55 66 29.
  • Spørsmål om kommunane sitt arbeid kan rettast til ordførar Siv Høgtun i Askøy kommune på tlf. 481 95 342, og til ordførar Torgeir Næss i Kvam herad på tlf. 402 45 840.