Pårørandeskule i Kvam

Klikk for stort bileteI januar og februar vert det gjeve eit kurstilbod over fire kveldar til deg som har eit famliemedlem eller kjenning med demenssjukdom.

Kurstilbodet går over fire kveldar, og er retta til deg som har eit familiemedlem eller kjenning med demenssjukdom, og som ynskjer meir informasjon om sjukdommen, og hjelp til å takle kvardagen.

Stad: Heradstyresalen
Tid: Onsdag 22 januar, 29 januar, 5 februar og 12 februar klokka 18-21

Kurset er gratis.

  • Kveld 1: Sjukdomslære, pårørandeliv og kommunikasjon
  • Kveld 2: Sjukdomslære, god omsorg og meistringsstrategiar
  • Kveld 3: Jus, og musikk som behandling
  • Kveld 4: Kommunale tilbod, fastlegen sine oppgåver, og musikk som behandling

Det vert lagt opp til at ein har tid til samtalar,  og kunna ta opp utfordringar i kvardagen.

Enkel servering.

Førelesarar: Lars Riise, Ingebjørg Langesæter, Synnøve Steine, Anne Merethe Flekstad Vik, Gunnar Skeie, Hege Dale, Elfrid Oma, Dag Erlend Skjelbreid og Solgunn Knardal

Møteleiar: Marit Rogde

Det kan verta endringar i program og førelesarar.

For nærare informasjon og påmelding, kontakt Marit Tolo, tlf 482 18 905 ( send gjerne SMS) eller majt@kvam.kommune.no

Arrangør: Kvam herad i samarbeid med Demensforeininga i Kvam