Pårørandekveld

Er du pårørande til nokon som har eller har hatt utfordringar knytt til rus? Onsdag 21. april er det pårørandetreff på Gamleskulen i Norheimsund. Tidspunkt 18.00-19.30
Illustrasjonsbilete

Føremålet med desse treffa er å kunna møta andre som er eller har vore i liknande situasjonar som ein sjølv. På kvart av treffa vil det vera eit tema, som tener som utgangspunkt for kveldens samtale. 

Det vil og vera moglegheit for å dela erfaringar med kvarandre, og gje kvarandre håp og støtte.

Grunna smittevern er det viktig for arrangørane å vita på førehand kor mange som kjem. Ta kontakt med ruskonsulent Tove Pedersen, tlf. 950 42 898, eller ruskonsulent Guro Torpe, tlf. 905 50 286

Vel møtt.

Tove Pedersen
Leiar
E-post
Telefon 95 04 28 98
Mobil 95 04 28 98