Overgang til ny teleleverandør i Kvam herad

 

Frå 29.11.2022 kjem Kvam herad til å starte overgang til Telia/Phonero som leverandør av teletenester. Etter minst 20 år som Telenorkunde, er det no over på ein konkurrent. Me veit at det ikkje vert smertefritt og utan feil. Kring 30 kommunar har sidan august gjort det same, og det har gått bra med dei.

Konsekvensen av dette er:

  • Hussentralen vår vert avvikla. Me har ingen fastlinjer utover denne. Alle fasttelefonar skal avviklast, men her er det mange telefonnummer tilknytt som er godt kjent.
  • Tilsette skal anten nytta mobil eller dei får nytt telefonnummer gjennom Teams. Dette er på ein måte slutten på ein prosess me har starta på for mange år sidan. Mange tilsette har hatt både mobil og fastlinje, og det ynskjer me å rydde opp i.

Eksisterande leverandør av telelinje kravde endringar på hussentralen for å halda denne i drift. Det førte med seg noko ekstrakostnader, som gjorde at me konkluderte med at det ikkje var så mange brukarar igjen på sentralen, slik at ein kunne avslutta denne.

Alle undernummer på hussentralen eller direktenummer vert etter kvart erstatta med mobilnummer/teamsnummer.

Avdelingane skal informera om dette, og det skal varslast på nettsida.

Nokre nummer vert videreført ved at dei vert viderekopla mot mobilnummer – sentralbordløysingar mv. Det er ei overgangsordning.

  • 56553000 vert halde på som sentralbordnummer for heradet.
  • 56553050 vert og halde på for PPT/Barnevern
  • 56556930 skal videreførast men peikar på mobilløysing på Strandebarm legesenter.
  • 90577307 gjeld inntil vidare for Strandebarmheimen

Det vert mange endringar for dei tilsette i denne perioden, så me ber om at de er tolmodige med oss. Det er ein del innarbeidde telefonnummer som mange nyttar rundt om i bygdene, som ikkje vert videreførte.

Ver merksam på at me ikkje overfører alle telefonnummer til Telia i denne omgangen, men me tek resten i løpet av neste år ettersom dekninga vert styrka – dette er grunna dekning som ikkje er komplett enno.