Orientering om mogleg reduksjon i opningstida i barnehagane

Øyvind Strømmen

For å sikra at borna i barnehagane har tilstrekkeleg vaksentettleik i tida dei oppheld seg i barnehagen, har administrasjonen sett i gang ein prosess for å undersøkja om reduksjon i opningstida er eit mogleg tiltak.

Bakgrunn for prosess

Årsaka til at administrasjonen har sett i gang prosessen, er at det over lengre tid har vore utfordringar med å få tak i tilstrekkeleg bemanning i barnehagane. Det skuldast at det har vore utfordrande å få rekruttert nok tilsette i ordinære, faste stillingar, og svært vanskeleg å få tak i vikarar til kort- og langtidsfråvær. Fleire grep er sett i gang for å auka vaksentettleiken. Døme er ekstra bemanning utover norm, ekstra administrativ ressurs for å hjelpa med rekruttering og ekstra annonseringstiltak. I den arbeidsmarknaden som er no, er dette tiltak som tek tid å få effekt.

Leiinga brukar mykje tid på å få tak i vikarar. Og om me ikkje får tak i vikarar, vert det ekstra press på dei som er i arbeid, og tek på seg overtid. Det fører til auka belastning på dei tilsette, som kan føra til auka sjukefråvær eller at barnehagane vert mindre attraktive som arbeidsplass. Noko som vil motverka dei andre tiltaka som er gjort.

Eit grep som vil avhjelpa på relativt kort sikt, er å redusera opningstida. Med reduksjon i opningstida vert vaksentettleiken større i den tida barnehagen er open, og behovet for overtid redusert.

Om opningstid

Barnehagane i Kvam herad har ulik opningstid. Opningstida varierer frå kl 07 til kl 16.15 eller 16.30 i dei fleste barnehagane. I Ålvik er opningstida kl 06.30-16.00. Barn si opphaldstid skal ikkje overskrida 9 timar per dag. Opningstida i barnehagane vert fastsett av styrar, i samråd med leiar for barnehage og SU, sjå 1.8 i Vedtekter for kommunale barnehagar - Nettsider for Kvam herad (www.kvam.no)

 

Om drøfting av opningstid

Om reduksjon i opningstida aukar vaksentettleiken, så kan det få negative ringverknader for føresette, og deira arbeidsgjevarar. Det gjeld også for Kvam herad som arbeidsgjevar.

Viktige saker skal leggjast fram for foreldreråd og samarbeidsutval (SU) i den enkelte barnehage. Føremålet med ein drøftingsprosess for ein reduksjon i opningstid, er å drøfta seg fram til om det er mogleg å finna ei løysing der dei negative ringverknadane ikkje er for store, samstundes som at me får auka vaksentettleiken. I teorien kan det vera slik at ingen føresette i ein barnehage har behov for den siste halve timen med opningstid, og barnehagen såleis kan redusera opningstida tilsvarande. I praksis veit me at det ikkje er så enkelt, og at behovet også vekslar mellom barnehagane. Det er difor behov for informasjonsinnhenting og drøfting av ulike alternativ for å finna ut kva som er mogleg å få til i kvar barnehage.

 

Om prosessen og kommunikasjon

Leiar i barnehage tok tysdag 14.3. kontakt med oppvekstleiar om bemanningssituasjonen i barnehagane som tema, som igjen formidla dette til HR og rådmann. På bakgrunn av dette kalla rådmann inn HR-sjef og Oppvekstsjef til møte 15.3., der situasjonen vart drøfta. Eit av dei grepa som vart meldt inn frå barnehageleiinga, var reduksjon i opningstida fram til sommaren. Meldinga tilbake på dette punktet var at barnehagane fekk «løyve» til å setja i gang prosessen med å redusera opningstida. «Løyve» vart omtala med hermeteikn, då fastsetjing av opningstida er ein prosess som ligg innanfor mandatet til barnehagestyrar, i samråd med foreldreråd og samarbeidsutval og leiar for barnehage (1.8 i vedtektene).

Vidare i kommunikasjon til barnehagestyrarar 17.3., er det ikkje klart at «løyvet» gjeld igangsetting av prosessen. Ut frå resten av meldinga går det fram at det skal vera drøftingar med tillitsvalde og SU, og eit fellesmøte for styrarane i etterkant av dialogane. Det er likevel mogleg å tolka at reduksjonen skal gjennomførast, noko som har vorte formidla ut til føresette i nokre av barnehagane.

På grunn av at barnehagane er ulike, og prosessen om opningstid er noko som ligg til den enkelte barnehage, har både drøftingane og kommunikasjonen ut til føresette, ikkje vore samkøyrt. Når kommunikasjonen internt har vore uklar, har det dessverre skapa misforståingar rundt gjennomføringa av prosessen. Trykket på barnehageleiinga er for tida stort, og det har gått utover kvalitetskontroll på det som er kommunisert ut. Me ber om orsaking for dei ekstra utfordringane dette har medført. Det er uheldig for alle partar, i ein situasjon som var vanskeleg i utgangspunktet.

Status og vidare framdrift

Avgjersla rundt reduksjon av opningstid er ikkje klar, verken når det gjeld omfang eller eventuell iverksetjing. Alle drøftingar er enno ikkje ferdige. Om det er særlege omsyn i høve opningstida eller framlegg til løysingar, som du som føresett ikkje opplever har kome fram så langt i prosessen, oppmodar me deg om å formidla dette til barnehagestyrar og samarbeidsutvalet så snart som mogleg.

Det er planlagt eit felles møte for barnehageleiinga i inneverande veka (veke 13). Der vil resultata frå drøftingane verta gjennomgått, og vidare prosess vurderast.

Om avgjersla ikkje er teken, må rådmannen påpeika at ein slik prosess ikkje vert sett i gang utan at det vert vurdert som nødvendig. Det set langt inne å gjera eit slikt grep med omsyn til konsekvensane for samfunnet og dei enkelte familiane. Me håpar likevel å finna eit handlingsrom for å auka vaksentettleiken i ei redusert opningstid.

Me vil også nytta høvet til å takka for den forståinga for situasjonen som føresette har gjeve uttrykk for.

Når me har fått meir avklaringar om prosessen vidare, kjem me attende med meir informasjon.

 

Anita Hesthamar

Rådmann