26. oktober: Oppdatering om leiteaksjonen i Tokagjelet

Namna til dei tre personane som er sakna etter at båten deira vart teken av straumen på Langvotnevatnet er no frigjevne av politiet.

Det er Kjell Arne Pedersen (64), Nils Johan Bårdsen (72) og Ruth Wathne (68). Alle tre er busett i Askøy kommune. – Eg vil uttrykka vår medkjensle med dei pårørande, seier ordførar Torgeir Næss i Kvam herad. ​​​​​

– Samstundes vil eg retta ein takk til leitemannskapa som har utført og stadig utfører ein krevjande og vanskeleg jobb. Eg vil også takka politiet, Askøy kommune og andre instansar for godt samarbeid i ein tragisk situasjon. 

Politiet ser no på leitinga som eit søk etter antatt omkomne. 

Askøy kommune har eit eige pårørandesenter i Strusshamn, og eit døgnope telefonnummer for pårørande, 408 06 186. Tysdag 26. oktober vil Strusshamn og Tveit kyrkjer på Askøy halda ope mellom klokka 17 og 20, for personar som ynskjer å samlast i samband med ulukka. 

Pressekontakt:

  • Spørsmål om leiteaksjonen må rettast til politiet sin pressevakt, på tlf. 55 55 66 29.
  • Spørsmål om kommunane sitt arbeid kan rettast til ordførar Siv Høgtun i Askøy kommune på tlf. 481 95 342, og til ordførar Torgeir Næss i Kvam herad på tlf. 402 45 840.