Opna tilrettelagt bergkunst

Frå rasteplassen, der det også er sett opp informasjonsskilt Jon Nedkvitne Torsdag kveld vart den nye tilrettelegginga av bergkunstfeltet ved Vangdal opna. Prosjektet er eit samarbeid mellom grunneigarane ved Vangdal, Kvam herad, vegvesenet, fylkeskommunen, Riksantikvaren og Universitetsmuseet i Bergen.

Opninga vart markert med eit arrangement på Thon Hotel Sandven. Ordførar Torgeir Næss ynskte velkomen.  – Eg håpar at skuleborn og anna godtfolk i bygdene våre fattar ny interesse for historia vår, og veit også at dette vil vera interessant for turistar og andre vegfarande, sa ordføraren. Han uttrykte at slike fortidsminne gjev ein historisk klangbotn i liva våre, ei djupn i tilværet og ei kjensle av identitet og tilhøyre. 

Sidan fulgte eit miniseminar om bergkunst og formidling, med innleiingar av riksantikvar Hanna Geiran, Trond Lødøen frå Universitetsmuseet i Bergen, Mathias Andersson frå Kyndill lysdesign og Solveig Lohne Rongved frå Vestland fylkeskommune. 

Etter litt sosialt samvær og hardangerslåttar på hotellet, gjekk turen vidare til rasteplassen ved Vangdal med buss. Der stod riksantikvaren for sjølve opninga, saman med fylkesordførar Jon Askeland og avdelingsdirektøren for kultur, idrett og inkludering, Per Morten Ekerhovd.

Helleristningane ved Vangdal er no tilrettelagt med kunstig lyssetting som framhevar figurane. Det er dessutan etablert ny publikumsrampe, nye skilt og ei lyssatt sti som leier ned til helleristningane frå rasteplassen ved den nasjonale turistvegen gjennom Hardanger. Sjølve rasteplassen er også oppgradert, med fleire lyspunkt og ei lyskjelde som markerer startpunktet på stia. 

Tilrettelegginga innber at dei vel 6000 år gamle bergbileta, som kan vera vanskelege å sjå i dagsljos, vil tre tydelegare fram i kvelds- og nattemørke.