Ope møte om oppvekstplan

Måndag 17. januar vert det arrangert ope møte om oppvekstplanen, klokka 18 til 20 i multisalen, Kvam ungdomsskule.

Kvam herad har starta arbeidet med å laga ein kommunedelplan for oppvekst for åra 2023-2033. Målet med planen er at alle barn og unge i Kvam skal ha eit trygt og godt oppvekstmiljø.

På møtet vert det gjort greie for innsatsområda i planen, framdriftsplan og opplegg for medverknad. Det vert lagt opp til innspel og spørsmål i møtet, som er ope for alle interesserte.

Oppdatert informasjon om smitteverntiltak vert lagt ut på heimesida til kommunen i forkant av møtet. Planprogrammet vart vedteke av heradsstyret 9. desember 2021, og kan lesast i Framsikt.

Spørsmål om møtet og om oppvekstplanen kan rettast til Ingunn Hildonen Teigland, ingtei@kvam.kommune.no, tlf 482 76 813.

Smittevern

  • Møtedeltakarane må bruka munnbind
  • Me oppmodar møtedeltakarane til å registrera namn og telefonnummer når dei kjem. Dørene er opne frå 17.30 slik at me har god tid til registrering.
  • Det må vera eitt ledig sete mellom kvar møtedeltakarar. Møtedeltakarar frå same kohort kan sitja saman.
  • Hald deg heime viss du har symptom på luftvegssjukdomar.

Møtet er i multisalen på Kvam ungdomsskule frå klokka 18 til 20. Vel møtt!

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.