Nytt familie- og læringssenter

Kvam familie- og læringssenter ligg i tilknytning til rådhuset, men får eigen inngang på baksida.Kvam herad sitt nye familie- og læringssenter er snart ferdig, og før jul flyttar ulike tenester inn. Her kan du lesa om kvifor senteret vert etablert, og om kva det vil tilby.

Det nye senteret vart vedteke bygd av heradsstyret i samband med budsjett- og økonomiplanen for 2013 – 2016. Det inneber at fleire tenester vert samordna, og kjem under same tak:

  • Administrasjon av helsestasjon og skulehelseteneste
  • Fysioterapi for born og unge
  • Familiesenter med psykolog, familieterapeut og utekontakt
  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), inkludert logoped
  • Barnevernstenesta
  • Administrasjon for barnehage og skule

Målet er at dette skal styrkja kunnskap og kompetanse, og gje born, ungdom og familiar eit samordna, godt og tverrfagleg tenestetilbod.

Brukarane skal kunna gå inn ei dør, og verta møtt med Kvam familie- og læringssenter sin felles visjon: «Heilskapleg blikk – felles ansvar». Visjonen set brukaren i sentrum, og born sin medverknad står sentralt. Samarbeidet med brukaren skal vera nært og godt, og dei ulike tenestene skal tenkja og jobba saman.

I tillegg til dei faglege argumenta for å samlokalisera dei ulike tenestene, ligg det også klåre føringar frå politisk hald om at kommunale tenester skal ut av leigde bygg og inn i kommunale bygg.

Fokus på familie

Alle born, unge og familiar i Kvam herad er i målgruppa for det nye senteret.

Eit særskilt fokus skal likevel liggja på sårbare og utsette born og unge opp til 23 år, og på deira familiar. Det gjeld dei som har lærevanskar, psykiske vanskar, åtferdsvanskar, nedsett funksjonsemne eller langvarig sjukdom, og dei som har utrygge oppvekstvilkår. Her er det viktig å gje foreldra – grunnpilarane i borna sine liv – tidleg hjelp der det er behov,  inkludert tilbod om kurs og direkte rettleiing for å styrka foreldrerolla.

I arbeidet med etablering av Kvam familie- og læringssenter er det allereie gjort mykje arbeid.
Blant anna har heradet sett saman eit tverrfagleg ungdomsteam, ressursteam mot vald og overgrep, det er laga ein plan for introduksjon av fleirspråklege born og unge, og ein rettleiar for førebygging og oppfølging av skulefråver. Organiseringa er endra slik at ein skal kunna gje tilbod om hjelp til fleire. Det omfattar blant anna eit lågterskel rettleiingstilbod til familiar, samt ulike gruppetilbod.

Det er også sett i verk samarbeid mellom ulike kommunale einingar og friviljuge lag, knytt til arbeid mot barnefattigdom. Dette inkluderer «Ferie for alle» og Ung jobb.

Fleire innflyttarar

I fyrste etasje skal avdeling for rus og psykisk helse flytta inn. På sikt er det også planar om at NAV skal flytta inn i det resterande arealet på bakkeplan, med eigen inngang.