Nye kunstverk på plass på Norheimsund skule

Dei to kunstverka er kome på plass i inngangspartiet til skulen og i inngangspartiet til idrettshallen.

Klikk for stort bileteKulturskulekoret Gullgutane, med solist, var med på markeringa av dei nye kunstverka. Her er både kor og kunst.     

Kunstverka er gitt av prosjektet "Visuelt demokrati, eit treårig kunstprosjekt som fekk støtte frå tidlegare Hordaland fylkeskommune.

Kunstprosjektet vart initiert av Rita Marhaug i samarbeid med Foreningen Trykkeriet i Bergen. Trykkeriet er ein produksjons- og formidlingsstad som både står for kurstilbod til barn og unge og for produksjon for profesjonelle kunstnarar. Prosjektet "Visuelt demokrati" har hatt som siktemål å kopla saman desse erfaringsfelta, og krinsar rundt spørsmål om korleis grupper i utkanten av definisjonsmakta kan hevda seg i det offentlege rommet. I prosjektet vart grupper av born, eldre, trygda, fengsla og flyktningar invivert til å utforska temaet ved bruk av enkle teikne-, skrive- og trykkemetodar. Kvar av gruppene var leia av ein kunstnar. 

Dei nye bileta er silketrykk og er påført på same måte om ein tapet.    

Klikk for stort bilete