Ny organisering i pleie og omsorg frå 30. mars 2020

Pleie og omsorgstenesta vart frå 30. mars 2020 organisert i tre fagavdelingar: tenester til heimebuande, heildøgstenester og tenester til personar med utviklingshemming. Dei tre avdelingane vert leia av høvesvis Hilde Ystanes, Elfrid Romsås Oma og Kjersti Soldal.

Kvifor ny organisering?

På bakgrunn av økonomiske utfordringar innan pleie og omsorg over fleire år vart det hausten 2018 gjennomfør ei analyse av tenesta. Agenda Kaupang bistod kommunen i arbeidet. Tenesteanalysen vart politisk handsama i mars 2019 og rådmannen fekk då i oppdrag å oppretta eit administrativt omstillingsprosjekt, "Eit godt liv der me bur – tenester for framtida, meistring og deltaking". 

Tenesteanalysa peikte på kommunen sine utfordringar frametter. Det er forventa at behovet for pleie og omsorgstenester vil auka, både fordi det vert fleire eldre med forventa hjelpebehov og fordi kommunen får nye oppgåver. Kommunen må satsa vidare på tenester som vil bidra til at fleire kan klara seg sjølve og at fleire kan bu heime lenger. Det er nødvendig med ei ytterlegare satsing på tenester i heimen, tidleg innsats, meir dag- og aktivitetstilbod, auka satsing på rehabilitering og meir bruk av velferdsteknologi.

Tenesteanalysa framheva også at kommunen måtte vurdera strukturendringar. I fyrste del av prosjektet har me sett behovet for endra organisering for å:

  • satsa meir på tenester som gjer at fleire kan klara seg heime lenger
  • få ei felles organisering av tenestetilbodet til brukargrupper som mottek heimetenester, korttidstilbod og dagtilbod
  • få ei felles organisering av tenestetilbodet til brukargruppa som har heildøgnstilbod i institusjon eller omsorgsbustad
  • få ei felles organisering av tenestetilbodet til personar med utviklingshemming

Sett i verk, tross korona

Prosjektgruppa har førebudd den nye ny organiseringa. Sjølv om koronapandemien gav ein ny situasjon vart det avgjort å starta opp frå den planlagte datoen, 30. mars. Planlegginga var kome så langt då koronavirusutbrotet kom, at den beste løysinga var å følgja planen og setja i verk den nye organiseringa.

Endringane påverker i denne omgang ikkje tenestetilbodet, men det vert arbeidd vidare med å utvikla tenestetilbodet i tråd med framtidige behov.

Det vert arbeidd med å oppdatera nettsidene til tenestefeltet helse og omsorg, men det vil ta litt tid før alt er oppdatert der.