Nedbrenningsøving i Norheimsund

Neste veke, frå tysdag 6. april til laurdag 10. april, vil Kvam brann og redning gjennomføra ei nedbrenningsøving på to bygg i Hardangerfjordvegen i Norheimsund. Det gjeld nr. 15 og nr. 17, på sjøsida litt innanfor Straumbrua i Norheimsund. 

Klikk for stort bileteBygningane som skal brennast ned   

Bygga er godkjent for rivning, og alle miljøfarlege bygningsdelar er fjerna. Bygga er dermed godt eigna til øvinga, som også gjer at Kvam brann og redning stettar årlege krav frå styresmaktene. 

- Me er takksame for at eigarane av rivningsobjekt tek kontakt med oss, slik at me kan få øva under mest mogeleg realistiske forhold, seier brannsjef Torleif Ones.

På grunn av øvinga vil det vera synleg røyk frå dei to bygga, frå tysdag ettermiddag til fredag ettermiddag. På laurdag vil ein kunna sjå røyk og flammar frå store delar av bygda, frå tidleg om morgonen av og til nedbrenninga er fullført. Sjølv om det vert lagt stor vekt på å skjerma omgjevnadene, freistar me å unngå unødig sjenanse for publikum som bur eller oppheld seg i nærleiken. Det vil likevel vera synleg røyk og luftkvaliteten lokalt kan verta påverka. 

Innbyggjarar i området vert difor rådd til å lukka vindauge og dører, og til å skru av ventilasjon, frå tysdag til og med fredag, i tidsrommet 16.30 - 20, og laurdag 10. april, frå kl. 05.30 til bygga er ferdig nedbrent, omlag kl. 17.00.

Busslomma på sjøsida av fylkesveg 49 (rett innanfor Straumbrua) vert stengt laurdag 10. april, frå kl. 05.30 og til omlag kl. 17.00.

Nedbrenninga om laurdagen er avhengig av at veret er høveleg. 

Har du spørsmål i samband med nedbrenninga, kan du ta kontakt med brannsjef Torleif Ones, på tlf. 901 46 975, eller du kan ringa Kvam brann og redning sin vakttelefon, på 948 48 110.