Nedbrenning i Norheimsund utsett

Den tidlegare annonserte nedbrenninga av bygga i Hardangerfjordvegen 15 og 17 i Norheimsund vert utsett til sundag.

Nedbrenninga er ein del av ei øving som har gått over fleire dagar. Øvinga gjer også at Kvam brann og redning stettar årlege krav frå styresmaktene. 

Utsetjinga er på grunn av vêrtilhøve. Det er meldt kraftig vind laurdag. Nedbrenninga vil difor istadenfor finna stad på sundag frå kl. 6 om morgonen og fram til bygget er ferdig nedbrent, omlag kl. 17.00.

Det inneber at ein på sundag vil kunna sjå røyk og flammar frå store delar av bygda, frå tidleg om morgonen av og til nedbrenninga er fullført. Sjølv om det vert lagt stor vekt på å skjerma omgjevnadene, freistar me å unngå unødig sjenanse for publikum som bur eller oppheld seg i nærleiken. Det vil likevel vera synleg røyk og luftkvaliteten lokalt kan verta påverka. 

Innbyggjarar i området vert difor rådd til å lukka vindauge og dører, og til å skru av ventilasjon:

Kvam brann og redning beklager ulemper øvinga måtte medføra, og seier seg leie for at det har vorte naudsynt å skyva på henne frå laurdag til sundag.