Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn og unge, 2021

Klikk for stort bileteBarne- ungdoms- og familiedirektoratet lyser ut tilskotsmidlar ( med atterhald om Stortinget sitt endelige budsjettvedtak). Målet med ordninga er å hindre og/eller dempe følgjene av fattigdom blant barn og unge.

Meir informasjon om denne tilskotsordninga er å finna på Bufdir sine nettsider. Føremålet er at fleire born, unge og deira familiar skal få tilbod om kultur-, fritids- og ferieaktivitetar, uavhengig av foreldra sin økonomiske og sosiale situasjon. 

Tilboda skal ikkje stilla krav om kunnskap, politisk eller religiøs ståstad, og skal så langt råd er ha låge eller ingen kostnader.

Frivillige lag og organisasjonar, offentlege og private aktørar kan søkje om tilskot.

Kvam herad prioriterer innkomne søknader, og Bufdir tildeler tilskot utfrå sitt regelverk. For spørsmål eller hjelp til søknad, kan ein kontakta Grannehjelpa på tlf. 901 22 688 eller post@grannehjelpa.no eller Anna Mo-Bjørkelund i Kvam herad på tlf. 952 00 535 eller anmb@kvam.kommune.no.

Søknadsfrist: 4. desember 2020. Søknadskjemaet er å finna i Bufdir sin søknadsportal.