Møteopptak i kommune-TV

Opptak frå møte i utval for miljø, plan og bygg frå tysdag og frå formannskapsmøtet frå idag, onsdag, er no tilgjengelege i kommune-TV

Formannskapet handsama idag mellom anna årsmelding og årsrekneskap, gjorde prioritering av lokale kulturbygg og diskuterte tilskot til Hardangerbadet. Dei fekk også orienteringar om kompensasjonsmidlar, om støtte til Raudekrossen og om trafikksituasjonen ved Strandebarm skule og den nye Strandebarmheimen.

Utval for miljø, plan og bygg hadde fleire dispensasjonssaker på sakslista, samt fyrstegangshandsaming av ein reguleringsplan for eit bustadområde på Drage. Dei fekk dessutan høyra om estetikk frå Statsforvaltaren i Vestland, eit føredrag som også er tilgjengeleg i opptaket.