Milliontilskot til torgprosjektet i Ålvik

Slik er Industriparken på Torget tenkt MAD Arkitekter

Hordaland fylkeskommune løyver inntil 5,1 millionar kroner til Industriparken på Torget i Ålvik. Det framgår av eit tildelingsbrev sendt seint i november.

Prosjektet inneheld ei oppgradering av Ålvik torg, med parkanlegg der element frå Gamle Bjølvo kraftanlegg vert nytta. Gamle Bjølvo kraftverk vart fasa ut då Nye Bjølvo kraftverk kom i drift i 2004, og vart rive i 2016/17. Ved å nytta materialar herfrå, tek ein samstundes konkret vare på nokre av dei historiske byggesteinane til industristaden Ålvik. 

Prosjektet kombinerer tradisjonell industriestetikk med nye formuttrykk, og er utforma av MAD Arkitekter i dialog med Kvam herad. 

Prosjektet er meint å gje Ålvik sentrum eit omfattande ansiktsløft, og nye møtestader for både lokale og tilreisande. Industriparken vil få arkitektoniske og historiske kvalitetar som vil kunna gjera han til ein ny attraksjon i Kvam og Hardanger. For Kvam herad er det også viktig å leggja til rekke for auka bruk av torgområdet, auka handel i området og for positiv merksemd rundt Ålvik. 

Det er sett opp ei eiga facebookside for torgprosjektet.