Melding om utviding av planområde - Kvam vidaregåande skule

Geoplan AS arbeider med ein detaljreguleringsplan for ny lokalisering av Kvam vidaregåande skule i sentrum av Norheimsund, på oppdrag for Vestland fylkeskommune.

Klikk for stort bilete  

Det vart varsla oppstart av planarbeidet 14.02.2020, og i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette varsla om utviding av områdeavgrensinga.

Føremålet med planen er å regulere området på ca. 21,5 daa til offentleg tenesteyting og undervisning med tilhøyrande uteareal og infrastruktur, i tråd med kommuneplan for Kvam 2019-2030.

Grunnlag for løysingar i reguleringsplanen vil verte basert på ein moglegheitsstudie og ei trafikkanalyse utarbeidd av Norconsult AS.

Reguleringsplanen vil erstatte reguleringsplan 20110017 Norheimsund skule uteområde, i tillegg til delar av reguleringsplan 19850002 Norheimsund vestre del 1, 19940004 Kyrkjetomta og 20050001 Straumen-Sandven Nord. Reguleringsplanen er vurdert til ikkje å utløyse krav om planprogram og konsekvensutgreiing. Naboar og grunneigarar vert varsla pr. brev.

Innspel til planarbeidet kan sendast til Geoplan AS, Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund, eller til post@geoplan.no innan 20.06.2020. Mottekne innspel og dokument vil verta vurdert og lagt ved planframlegget.

Spørsmål rettast til Geoplan AS, tlf. 56 55 62 33, e-post: post@geoplan.no .