Kvam klatrar på kulturindeks

 Kvam går fram 26 plassar og ender på ein 17. plass på Norsk kulturindeks for 2019, og er med dette den kommunen som klatrar mest på oversikta.     

Norsk kulturindeks er ein årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar, regionar og fylke. Indeksen tek utgangspunkt i registerdata frå ei rekkje offentlege einingar, interesseorganisasjonar og lag. 

Telemarksforskning samlar kvart år inn data til indeksen, og gjev ut ei oversikt over korleis kommunane plasserer seg i høve kvarandre. Dei årlege indeksane er basert på data frå fjoråret. 

På topp 10 er det få overraskingar, heiter det på Telemarksforskning sine nettsider. Røros troner på toppen, og både Ål, Nord-Aurdal og Gloppen er også igjen blant dei ti beste. På topplista finn ein også byar som Lillehammer, Hamar, Trondheim og Molde. Den største klatraren på lista er Kvam herad, som går fram 26 plassar til ein 17. plass, dermed passerer Kvam blant andre Kristiansand, Oslo og Stavanger.