Kvam herad tek i bruk smarte kort

Klikk for stort bileteKvam herad, Ulvik herad og Eidfjord kommune har gått saman om eit felles prosjekt der fysiske og digitale tilgangspunkt vert tilgjengelege med eit smartkort, og der denne løysinga erstattar bruk av brukarnamn og passord.

   

Dette har også vekt merksemd i IT-magasinet ComputerWorld, som har intervjua Hans Christian Berstad, IT-leiar i Kvam herad. - Me hadde trong for enklare pålogging, men også for nye ID-kort og nøkkelkort, seier Berstad til ComputerWorld.

Tidlegare denne månaden vart det fyrste steget teke for å kvitta seg med kompliserte lås- og innloggingssystem. Passord og brukarnamn er byta ut med sikkert pålogging gjennom såkalla "Single Sign On". Dei tilsette sine datamaskiner er utstyrt med ein kortlesar. For å logga seg inn set inn sitt personlege smartkort, og nyttar ei pinkode. Kortet inkluderer ei såkalla Buypass-brikke, samt ein Mifare-RFID/EM-sendar, og kan også brukast som nøkkelkort.

Kortet er også kopla til bruk av utskrifter, noko som gjev både større tryggleik og meir medvit knytt til bruk av utskrifter. Berstad seier til ComputerWorld at han voner dette vil vera med på å redusera papirforbruket monaleg, og med det også klimaavtrykket frå kommunale kontor.