Kvalitetsrapport for skulen vert lagt fram for formannskapet

Formannskapet i Kvam herad har møte onsdag 6. november. På sakslista står mellom anna kvalitetsrapportar for skulane og barnehagane i kommunen.

Det er eit lovkrav at skuleadministrasjonen skal utarbeida ein kvalitetsrapport for skule, til skuleeigar som er heradstyret.

Opplæringslova krev at rapporten skal drøftast i heradsstyret, slik at skuleeigar får høve til å vera ein aktiv skuleeigar, at dei har tilstrekkeleg informasjon og grunnlag før budsjetthandtering. Fyrst vert dei altså lagt fram for formannskapet.

Ein kvalitetsrapport for barnehagane er ikkje lovpålagt, men vert no lagt fram for andre år på rad. Deltaking i KS-nettverket "Den gode barnehage- og skuleeigar" i 2017 og 2018 sette fart på ynskjet om å likestilla barnehage og skule i større grad.

Innspel frå mange kantar

Kvalitetsrapportane for barnehage og skule gjeld for skuleåret 2018 og 2019. Rapportane rådmannen legg fram er utarbeidd av leiar for barnehage og skule, med innspel frå leiarane innan feltet, staben på oppvekst, PPT-leiar og Utdanningsforbundet, samt frå utvalde foreldrerepresentantar.

Kvalitetsrapportane kan lesast her:

Høyringsinnspel til Kvamskogen-fartsgrense

Heradsstyret skal i sitt neste møte også koma med eit høyringsinnspel til Statens vegvesen sitt framlegg om redusert fartsgrense på Kvamskogen. Også denne saka skal handsamast av formannsskapet fyrst, og dei skal koma med si tilråding til heradsstyret.

Rådmannen meiner framlegget om redusert fartsgrense verken er tilstrekkeleg analysert eller grunngjeve. Ho peiker på at auka i reisetid kan synast relativt lita på ei enkeltreise, men at den vil verta omfattande for køyrande som nyttar vegen mykje, og på at vegen er svært lite brukt av mjuke trafikantar store delar av året.

Rådmannen meiner difor at ein heller bør prøva ut ei ordning med elektroniske skilt med nedsett fartsgrense i samband med typiske utfartsperioder (som haust-, vinter- og påskeferien), og rår til at heradet i si høyringsfråsegn føresler dette som eit alternativ.

Alle sakspapira til formannskapsmøtet er tilgjengelege i Kvam herad sin møteportal