Kor mange glas toler barnet ditt i jula?

Jula står for døra, og mange av oss skal feire saman med barn. Då er det lurt å tenkje gjennom alkoholbruken på førehand.

Av og til   

For mange har akevitt, vin og juleøl ein sjølvskriven plass på middagsbordet når jula blir ringd inn. Men dersom det er barn til stades, bør du vere ekstra bevisst på kor mykje du drikk.

– Bruk alkovett. Tenk gjennom kor mykje du vil drikke framfor barna. Mange erfarer at det er fort gjort å skyve på grensene etter at festen er i gang. Derfor er det lurt å bestemme seg på førehand, slik at ikkje alkoholen tek overhand, tilrår Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til.

 

Tel einingane – så slepp barna å gjere det

Kvam herad er ein Av-og-til-kommune og samarbeider tett med Av-og-til for å førebyggje og redusere skadeleg alkoholbruk. Kommunen støttar kampanjen «Kor mange glas toler barnet ditt?» og oppfordrar alle vaksne til å bruke alkovett i jula.

– Barna i kommunen vår fortener ei trygg og god julefeiring. Då må vi vaksne ta ansvar og tenkje over kor mykje vi drikk, slik at barna slepp å gjere det, seier Bjørnar Dagstad, leiar for eining for alkohol og servering i Kvam herad.

Fem råd om alkohol til deg som skal feire jul saman med barn:

  1. Bruk alkovett. Tenk gjennom på førehand om du skal drikke, og når du skal stoppe, når det er barn til stades. Dersom du vel å drikke alkohol, bør du drikke rikeleg med vatn i tillegg.
  2. Hugs at barn trivst best når vi vaksne oppfører oss som normalt. Når vi drikk alkohol, endrar vi oss – ofte utan at vi merkar det sjølve. Det kan vere både skremmande og utriveleg for barn.
  3. Snakk med dei andre vaksne som skal vere med på feiringa. Kor mykje alkohol er det greitt å drikke på ein fest der det er barn til stades? Det kan vere lurt at minst éin vaksen er edru og kan køyre bil dersom det skulle skje noko.
  4. Gjer alkohol til eit «ufarleg» og naturleg tema for barna å snakke om. Spør gjerne kva dei tenkjer om at dei vaksne drikk eit glas vin eller to. Då er det viktig at du lyttar til det dei har på hjartet, og tek dei på alvor.
  5. Dersom festen likevel endar opp med å bli svært fuktig, har du som vaksen ansvar for å skjerme barnet. Ta barnet ut av situasjonen. Reis heim dersom de er på besøk.

Vil du lese meir?