Kommuneplanen: Akvakulturrapport klar

Kvam herad fått utarbeidd ytterlegare utgreiingar knytt til sjøareala i kommuneplanen. No er rapporten klår. 25. mars står kommuneplanen igjen på formannskapet sitt sakskart, i eit ekstraordinært møte.

Arbeidet med arealdelen av Kvam herad sin kommuneplan omfattar også sjøområde avsett til akvakultur (oppdrett). 

I den gjeldande kommuneplanen er det avsett til akvakultur i 23 delområde. Samla sett er 2,4 kvadratkilometer sett av. Per februar 2019 er det 16 godkjente lokalitetar. 13 av dei er i sjø, dei tre siste er knytt til settefiskanlegg på land. Dei fleste er i samsvar med den gjeldande kommuneplanen, men det er også gjeve dispensasjon til utvidingar seks stader: Djupevik, Saltkjelen I, Aplavika, Dysvik, Teigland og Sagvik.

Motsegn mot Kvamsøy-lokalitet

I framlegget til ny kommuneplan er det avsett til akvakultur i 17 delområde, og det samla område er på om lag 3,1 kvadratkilometer. Litt under halvparten er vidareført frå den gjeldande planen, og utvidingane er i stor grad knytt til område som allereie er sett av, og i fleire høver område der dispensasjon til utvida arealbruk allereie er gjeve. Åtte akvakulturområde er teke ut frå planen, og to heilt nye areal føreslege lagt inn. Desse to områda er ved Lingaholmane og sør for Kvamsøy. 

Når det gjeld Kvamsøy har det kome motsegn frå fylkeskommunen (ved utval for kultur, idrett og regional utvikling) og Fiskeridirektoratet. I motsegna frå fylkeskommunen vart det peika på konflikt med friluftsliv og kulturminneverdiar, medan fylkesmannen også peikte på konflikt med fiskeriinteresser.

Fylkesmannen har også bede om eit meir omfattande kunnskapsgrunnlag rundt akvakultur i planen. Både fylkeskommunen og fylkesmannen har dessutan kome med motsegner mot kommuneplanframlegget på andre område. 

Rapport med ytterlegare utgreiingar

På bakgrunn av motsegnene på akvakulturområdet har Kvam herad engasjert ABO Plan & Arkitektur for å bistå med ytterlegare utgreiingar knytt til sjøareala, med særskilt fokus på akvakultur. Denne rapporten er no klår og interesserte kan lasta han ned i PDF-format:

Ekstraordinært møte 25. mars

I eit ekstraordinært møte 25. mars skal formannskapet drøfta kommuneplanen på ny. I tillegg til dei nemnde motsegnene har det også kome motsegner frå Statens Vegvesen og NVE.
 
Det har også kome mange andre innspel, til saman over 400. Alle innspela er gjennomgått, nokre er tekne omsyn til, andre ikkje. Rådmannen har som oppgåve å utarbeida ein overordna plan som opnar opp for utvikling og samstundes tek omsyn til ulike interesser. Etter justeringar ynskjer rådmannen å leggja planen ut på ei ny, avgrensa høyring. Målet er at planen skal kunna vedtakast før sumaren 2019.
 

Det vert for ordens skuld gjort merksam på at Kvam herad sin informasjonsrådgjevar Øyvind Strømmen, som også har skrive denne artikkelen, var innkalla til møtet i Hordaland fylkeskommunen sitt utval for kultur, idrett og regional utvikling som varamedlem. Etter å ha fått sin gildskap vurdert var han også med på handsaminga av kommuneplanen, og såleis var han som folkevald med på å fremja den omtalte motsegna.