Ingebrigt Vik Museum nyopna

Klikk for stort bileteStian Opedal Davies, som leier kulturutvalet i Vestland fylke, stod for nyopninga av Ingebrigt Vik Museum. Til venstre Sissel Lillebostad, avdelingsleiar ved Kabuso. Øyvind Strømmen Stian Davies, leiar for kulturutvalet i Vestland fylke, stod for snorklippinga då Ingebrigt Vik Museum vart nyopna laurdag.

Klikk for stort bileteFrode Skag Storheim spelte mellom anna musikk av Edvard Grieg. Øyvind Strømmen Ingebrigt Vik Museum er pussa opp, verka til Vik er installert og plassert på nytt, og bygget har også fått universell utforming, slik at det også er enkelt tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Det skal også koma på plass ei ny automatisk dør i bygget.

Dette siste er det lagt inn pengar til kommunal støtte til i revidert budsjett for 2022, i samband med tertialrapporten som vert handsama av heradsstyret i morgon tysdag.

Laurdag 11. juni var det nyopning av muséet. Davies stod for snorklippinga, men dei mange frammøtte fekk også med seg innlegg frå både styreleiar Harald Kjosås og frå Kabuso sin avdelingsleiar, Sissel Lillebostad, som fortalte om prosessen fram mot nyopninga. Dessutan var det sjølvsagt sjanse for å få seg både marsipankake, kaffi og ei miniomvising, samt musikalsk innslag ved pianisten Frode Skag Storheim. 

Ein av Noregs største bilethoggarar

Bilethoggaren Ingebrigt Vik (1867 - 1927) er rekna som ein av Noreg sin største bilethoggarar. Mange av arbeida hans er utstilt på nettopp Ingebrigt Vik Museum, som no er ein del av Kunsthuset Kabuso. Det vart opna i 1934, etter at Vik hadde testamentert skulptursamlinga si til heimbygda. 

Nokre av arbeida hans er utstilt i Nasjonalgalleriet, og elles finn ein «Ynglingen» i Teaterparken i Bergen, og ei bronsestatue av Edvard Grieg er å sjå vis-à-vis musikkpaviljongen i Byparken i Bergen. I Oslo kan ein sjå ei statue av matematikaren Niels Henrik Abel framfor Abels hus på Universitetet i Oslo.

Klikk for stort bilete

 

Eldsjelpengar til Hardanger og Voss museum

Etter at Davies hadde vore på Ingebrigt Vik Museum gjekk turen vidare til Norheimsund med motoryachten Faun, som i si tid vart bygd som lystfartøy til son til Christian Michelsen, Noregs fyrste statsminister. Idag er Faun eitt av fartøya ved Hardanger fartøyvernsenter.

Med ombord var også ordførar Torgeir Næss, samt banksjef May Turid Tømmervik ved Sparebanken Vest i Norheimsund. Sistnemnde hadde med seg ei gåve til Stiftinga Hardanger og Voss museum frå Ildsjelfondet, på heile 1,5 millionar kroner. 

Klikk for stort bileteDirektør for Hardanger og Voss museum Åsmund Kristiansen kunne smila breitt etter å ha fått pengegåve frå Sparebanken Vest sitt eldsjelfond ved May Turid Tømmervik. Informasjonsrådgjevar Øyvind Strømmen i Kvam herad er linselus. Torgeir Næss