Informasjon om tilfluktsrom og jodtablettar

 I samband med den pågåande krigen i Ukraina får også Kvam herad ein del spørsmål om tilfluktsrom, samt om jodtablettar. 

Tilfluktsrom

Tilfluktsrom er delt i to kategoriar, offentlege og private, der dei fyrste er meint til ålmenta og dei andre er meint til brukarar av eigedomen der dei ligg, og der det er eigaren som har ansvaret for vedlikehaldet. 

Det er ingen offentlege tilfluktsrom i Kvam. Dei næraste er på Voss og i Bergen. Informasjon om offentlege tilfluktsrom og kart over dei finn du på Sivilforsvaret sine nettsider. Det er per i dag ikkje krav til eller planar for offentleg tilfluktsrom i Kvam herad.

I Kvam herad finst det nokre tilfluktsrom som vert rekna som private. Dei er dimensjonerte til å gje vern for dei menneska som normalt oppheld seg på eigedomen der tilfluktsrommet er. Kommunen har sjølv nokre slike tilfluktsrom i ulike bygg. Desse er av ulik standard og bygd i ei tid der krava til standard var annleis enn i dag. 

Jodtablettar

Dersom det grunna krigshendingar skjer ei alvorleg atomulukke på eitt av Ukraina sine operative kjernekraftverk og vinden bles mot Noreg kan det koma radioaktivt nedfall over norsk område. Det kan då verta naudsynt å iverksetja tiltak for å beskytta helse-, miljø- og samfunnsinteresser. Grunna den store geografiske avstanden er det likevel svært lite sannsynleg at det vert naudsynt å ta jodtablettar i Noreg grunna ei slik hending. 

Kvam herad har likevel beredskap for bruk av slike tablettar. Hovudårsaken til dette er at atomdrevne ubåtar og isbrytarar jamnleg seglar langs norskekysten. Ved eit alvorleg uhell med ein av desse farkostane kan det verta naudsynt med jodtablettar i Noreg, og då spesielt for born og unge under 18 år, gravide og ammande. Ved svært alvorlege ulukker kan også vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Ved ei hending i skuletida vil jodtablettar verta gjeve ut til born i barnehagen og til elevar i skulen. Kvam legevakt har dessutan eit eige lager. Dersom det vert gjeve råd om å ta jodtablettar vil dette likevel ofte vera ledsaga av eit råd om å halda seg innandørs. Det er difor tilrådeleg å ha jodtablettar heime, for alle under 40 år, samt for gravide og ammande. Jodtablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek. Du finn meir informasjon på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet sine nettsider, og i ein tidlegare artikkel på kvam.no.

Når det gjeld personar over 40 år tek desse opp så lite jod i skjoldbruskkjertelen at det ikkje er naudsynt med jodtablettar ved atomhendingar.

Helsedirektoratet melder diverre om at mange no kjøper feil tablettar eller for mange tablettar, og at nokre kjøper sjølv om dei er i ei aldersgruppe som ikkje treng dei. 

Å ha jodtablettar heime er ein del av eigenberedskapen. Her på kvam.no finn du også ein oversikt over anna det er lurt å ha i eit beredskapslager heime. 

Råd om ta jodtablettar vil ved ei alvorleg atomhending verta gjeve av Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet, og då saman med eit råd om å opphalda seg innandørs. Det er difor viktig å ha tablettar lagra heime. 

Kvam herad har eigne nettsider for Ukraina-krisa, som du finn på www.kvam.no/ukraina/