Høyring: søknad om løyve til å etablera anlegg for akvakultur ved Lingaholmane

Lingalaks AS har søkt Vestland fylkeskommune om å etablera anlegg for laks og aure ved Lingaholmane, for akvakulturløyva HKM0004, HKM0018 og HKM0024.

Flyfoto som viser Aplavik si plassering i dag (raud ring) og akvakulturområde sett av i kommuneplanen. Omsøkt plassering (Lingaholmane) ligg innanfor lilla firkant i samsvar med gjeldande plan.   

Det omsøkte arealet er sett av til akvakulturføremål i gjeldande kommuneplan for Kvam herad. Søknaden inneber ikkje kapasitetsauke, då Lingalaks ynskjer å flytte eksisterande produksjon på lokalitet Aplavik (lok. nr. 12085) til ny lokalitet Lingaholmane.

Dette er i samsvar med arealplan vedtatt i kommunen i 2019. Då vart mellom anna den omsøkte lokaliteten Lingaholmane sett av til akvakulturformål. 

Søknaden for Lingaholmane vil ikkje medføre auka produksjon i fjorden, men omfattar større anleggsstruktur enn på Aplavik idag. Dette vil kunna gje plass til ekstramerder, og såleis gje fisken større plass i merdene. Lingalaks vil nytte den same fôrflåten og dei sama ringane som er på Aplavik i dag, og landstraum skal nyttast. Fisken på lokaliteten vil verta fôra frå fôrsentralen deira i Norheimsund, tilsvarande det som er rutine på øvrige lokaliteter i selskapet.

Alle dokument i saka er tilgjengeleg via Kvam herad sin innsynsportal.

Spørsmål om søknaden kan rettast til samfunns- og utviklingssjef i Kvam herad, Jon Nedkvitne, på tlf. 979 53 274. Merknader til søknaden kan sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund eller på e-post til postmottak@kvam.kommune.no

Frist for merknader er sett til 24. august 2020.