Heradsstyret vil halda på bassengdrift i Ålvik

Eit fleirtal i heradsstyret gjekk tysdag inn for å oppretthalda bassengdrifta i Ålvik. 
Illustrasjonsbilete av symjar. jarmoluk / Pixabay

I vedtaket heiter det at Kvam herad skal brukar inntil 250.000 kroner på drift av bassenget i Ålvik årleg, utanom vassavgift.

Dersom anlegget krev kommunale investeringar, vil ein leggja ned drifta. Investeringar knytt til garderobene vert halde utanfor, då heradsstyret meiner desse må gjerast uavhengig av basseng, og at dei må inn i ein plan for framtidige investeringar i kommunale bygg.

Heradsstyret ynskjer at Kvam herad inngår ei samarbeidsavtale med Ålvik idrettslag, med mål om å redusera driftskostnadene mest mogleg. 

Formannskapet hadde også gått inn for at elevane skulle spørjast om dei ynskjer bading i Ålvik eller i det nye Hardangerbadet. Dette vart ikkje teke med i heradsstyret sitt vedtak.