Helse Bergen har igjen avtale for pasientreiser

Klikk for stort bileteSidan midten av oktober har store delar av Helse Bergen-området vore utan avtale om kjøring av pasientreiser. Det endrar no seg no frå 24. februar 2021, blant anna i Kvam herad.

Dette medfører at pasientar igjen får transport av helseforetaket, og at dei slepp å leggja ut for reise med rekvisisjon jølv, for å så å måtta søkja dekking av utgifter i etterkant. 

Ved overgang til nye avtaler vil Helse Bergen si avdeling for pasientreiser syta for at rekvisisjonar som alt er lagt inn vert ivaretekne, og lat over til aktuell transportør. 

I Kvam vil Norheimsund Øystese Taxi fungera som fransportør. 

Du kan lesa meir om pasientreiser på Helse Bergen sine nettsider. Har du spørsmål kan du også kontakta dei på telefon 05515 eller e-post pasientreiser@helse-bergen.no (mån - fre, 7 - 19, laurdag 9 - 15).