Fylkeskommunen ber staten om å bidra til fylkesveg 7

Politikarane i fylkesutvalet meiner det er svært naudsynt med tiltak for betre framkome på fylkesvegen mellom Øystese og Granvin.

Fylkesdirektøren for samferdsel peiker i brevet på departementet på fleire utfordringar på Fv7, blant anna at vegen gjennom Tokagjelet er bratt, svingete og har for låge tunnelar. Han minner dessutan om raset ovanfor Snauhaugtunnelen i 2013, som førte til at vegen vart heilt stengt i over ein månad. Øyvind Strømmen

Fylkesutvalet diskuterte situasjonen på Fv7 i eit møte i november i fjor, og der stilte eit samla utval seg bak å be om at staten tek eit aktivt medansvar. Dei peikte på at krisesituasjonar for framkome på vegen i hovudsak vert utløyst av hendingar på, manglar ved og arbeid på europavegen mellom Trengereid og Voss, E16.

No følgjer fylkesdirektør for samferdsel, Håkon Rasmussen, opp med eit brev til samferdselsdepartementet. Der ber han om eit møte, for å drøfta moglege spleiselag.

I brevet skildrar han ein situasjon som er ganske kjend for både kvemmingar og andre hordalendingar: E16 på strekninga Trengereid - Voss er rasutsett, og vert ofte strengt, både grunnar ras, rasfare og oppryddingsarbeid etter ras. Fylkesveg 7 er omkøyringsveg, men også denne vegen er rasutsett, og til dels både smal og dårleg. I brevet påpeiker Rasmussen at dette spesielt gjeld på den 43 km lange strekninga mellom Øystese og Granvin.

Stengt 999 timar på fem år

Han syner til at det også har gjeve kaos på strekninga, seinast 30. august 2018. Vidare i brevet heiter det: "Ettersom det for ein stor del er den ekstra trafikken frå E16 som skapar køar og behov for iverksetjing av beredskapsplanen, ber fylkesutvalet i Hordaland om dialog med staten om opprusting av vegen".

Rasmussen syner til at vegen var stengt i til saman 999 timar mellom januar 2014 og november 2018, fordelt på 202 ulike hendingar. Han viser også til at betre framkome på fylkesveg 7 vil kunna spara staten for utgifter knytt til beredskap: "Dei største kostnadene ved stengt veg, omkøyring og venting er det næringslivet, lokalsamfunnet og andre trafikantar som ber", skriv Rasmussen.

Vil i gang med fleire tiltak
Fylkesdirektør Rasmussen skriv at Hordaland fylkeskommune har bidrege til opprusting på strekninga Øystese - Laupsa, samt på strekninga Norheimsund - Øystese, inklusive Børvenestunnelen. No vil fylkeskommunen i gang med fleire tiltak for betre framkome og sikrare veg. Det er sett av midlar til strekninga i både budsjettet for 2019 og i økonomiplanen for 2020 - 2022.

Rasmussen skriv: "Hordaland fylkeskommune har prioritert ein svært stor del av dei statlege skredsikringsmidlane til Fv 7. Sjølv om vi også har svært rasutsette vegar med mindre trafikk, har fylkestinget i Hordaland prioritert dei mest trafikkerte vegane til større rassikringsprosjekt". Han syner til at Statens Vegvesen si liste over skredsikringsbehov for fylkesvegane i Hordaland i 2015 peikte på 15 skredpunkt i kategoriane "høg skredfaktor" og "middels skredfaktor". Seks ligg i fyrstnemnde kategori: to i Samnanger, to i Kvam og to i Granvin. Rasmussen peiker på at strekninga gjennom Tokagjelet også er ein flaskehals med fleire utfordringar, og minner om raset i 2013, som førte til at vegen vart heilt stengd i over ein månad. Han viser også til at framtidig utbygging av E16 mellom Voss og Bergen kan medføra store utfordringar på Fv7.

I brevet konkluderer Rasmussen med at Hordaland fylkeskommunen meiner at eit spleiselag som omfattar både rassikringsmidlar, statlege midlar og bompengar vil kunne forsvarast. Fylkeskommunen ber difor om eit møte med departementet for å drøfta mogelege spleiselag for å møta utfordringane. Han understrekar at også Kvam herad er særleg oppteken av denne vegen.

Les heile brevet her:
Brev frå Hordaland fylkeskommune til Samferdselsdepartementet:
Fv 7 som omkjøringsveg for E16 – statleg bidrag (PDF, 249 kB)