Frivillige organisasjonar kan no søkja om momskompensasjon på varer og tenester

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022. Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. 

Føremålet med ordninga er å fremma frivillig aktivitet. 

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søkja på ordninga. Frivillig innsats må være ein viktig del av verksemda for å søkja. Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2022. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs: Registrering kan ta litt tid.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon. 

Det kan søkast etter to modellar: forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søkja etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd. 

Det er opna for søknader, og søknadsfristen er 1. september. Meir informasjon om ordninga er å finna på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.