Formannskapsmøtet tilgjengeleg i kommune-TV

Klikk for stort bileteFormannskapsmøtet torsdag er no tilgjengeleg i kommune-TV. Der kan du høyra dei folkevalde i Kvam diskutera den nye vidaregåande skulen, status innan skule og barnehage, økonomi, med meir.

Du kan også få med deg presentasjon av den andre tertialrapporten for 2021, og ei orientering om planprogrammet for den nye områdeplanen som skal koma for Øystese sentrum. 

Formannskapet sette dessutan i gang prosessen med å laga kommunedelplan for oppvekst, og la utkastet til planprogram for oppvekst ut til offentleg ettersyn. Dette finn du gjennom Framsikt.