Formannskapet vil ha vidare drift av bassenget i Ålvik

Formannskapet i Kvam. Her frå eit tidlegare møte.Formannskapet rår heradsstyret til å halda fram drifta av bassenget i Ålvik, med ein kostnad på inntil 250.000 årleg. 

Formannskapet vedtok i går tysdag ei tilråding til heradsstyret, som skal handsama saka 11. juni. I denne tilrådinga heiter det at Kvam herad skal brukar inntil 250.000 kroner på drift av bassenget i Ålvik årleg, utanom vassavgift. Dersom anlegget krev kommunale investeringar, vil ein leggja ned drifta. Investeringar knytt til garderobene vert halde utanfor, då formannskapet meiner desse må gjerast uavhengig av basseng, og at dei må inn i ein plan for framtidige investeringar i kommunale bygg.

Formannskapet meiner at Kvam herad må inngå ei samarbeidsavtale med det lokale idrettslaget, med mål om å redusera driftskostnadene mest mogleg. 

Når det skulesymjing meiner formannskapet at elevane må høyrast. Dei rår til at elevane kvart år vert spurde om dei ynskjer å bade i Ålvik eller i Hardangerbadet. I innstillinga til heradsstyret seier formannskapet vidare at resultata av dette skal leggjast fram for heradsstyret, saman med ein oversikt over driftskostnader, og at ein skal evaluera bassengdrifta etter sesongen kvart år.