Farevarsel: Flaum- og skredfare

Det er meldt om fåre for flaum og for jord-, sørpe- og flaumskred i Kvam, samt stor snøskredfare i fjellområda.

Oppdatering, 12. januar, kl. 11:40: Varselet om jord-, sørpe- og flaumskredfare vart kl. 11.10 oppgradert til raudt nivå for fleire kommunar i Vestland fylke, blant dei Kvam. Det har bakgrunn i særleg stor fare for sørpeskred. Sjå varsom.no. Varselet gjeld fram til fredag, då fåra minkar.

Dette inneber at vassføringa er venta å auka monaleg i utsette bekkar og elvar i løpet av onsdagen, grunna mykje nedbør og snøsmelting. Årsaka er det er venta mykje regn på Vestlandet, 100 - 150 mm, i løpet av onsdag og torsdag. Dette kan føra til omfattande oversvømmingar, erosjonsskader og flaumskader på utsette stader. I område med is vil det vera fåre for isgang der det fell meir enn 50 mm nedbør.

Fleire jord-, sørpe- og flaumskred er venta på Vestlandet. Nokre av desse kan få store konsekvensar. Utsett bebyggelse kan verta berørt. Framkome på veg og jernbane kan verta redusert. Fåra for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 50 cm snø. Sørpeskred kan løysast ut i relativt slake hellingar der vatn samlar seg opp. Skreda vert ofte ført ned forsenkningar og bekkeløp og kan då utvikla seg til flaumskred. For flaum- og jordskred er bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring spesielt utsett. 

Med gjeldande prognose er særleg indre strøk av Vestlandet og Midt-Noreg særs utsett. Det vert venta 100 - 150 mm regn, lokalt opp mot 200 mm, i perioda onsdag - torsdag. Høge temperaturar og mykje vind fører også til stor snøsmelting.

I tillegg er det varsla om omfattande fåre for snøskred i fjellområda, med oransje farevarsel for tysdag og raudt farevarsel for onsdag. Store og svært store naturleg utløyste skred er å forventa. Hald avstand til utløysnings- og utløpsområde for snøskred!

Ver føre var:

  • La vatnet renna fritt: Fjern snø, is, løv, boss, o.l. som kan hindra vatnet frå å drenera fritt ut i kummar, stikkrenner og andre vassvegar. Vatnet vil alltid gå til det lågaste punktet. Syt for at det får renna fritt ved å eventuelt laga dreneringskanalar.
  • Rydd hagen: Flytt verdisaker som møblar, grill og lause gjenstandar / materiale. Desse kan bli teke av flaumvatn, og kan utgjera ei fåre for andre.
  • Rydd kjellar, garasje og første etasje: Flytt gjenstandar opp frå golv, dersom det er ein risiko for at vatn kan koma inn. Lukk vindauge og dører.
  • Tett lister og vindauge: Dekk til med sandsekkar om naudsynt. Sekkane skal vera trekvart fulle. Skaff deg eventuelt ei pumpe.
  • Nøytraliser elektriske apparat: Dra ut stikkontaktar og trekk ut sikringar av elektriske apparat.
  • Flytt verdigjenstander: Båt, bil, campingvogn eller verdisaker som står i nærleiken av ei elv, innsjø eller ein bekk bør flyttast til eit mindre utsett område.
  • Sjekk nærområdet: Syt for at bekkar, veigrøfter, kulverter og rister i nærleiken er opne. Dette vil bidra til å redusera skade på din og naboen sin eigedom.
  • Flytt rundballar: Rundballer bør ryddast vekk frå område som er flaumutsette.
  • Eigen vernebuing: Du har ansvar for din eigen beredskap / vernebuing. Ved flaum og skredhendingar kan det oppstå utfall av straum, drikkevatn, internett og telefon. Vegar kan bli stengt. Tips til eigenberedskap finn du på sikkerhverdag.no.

Under ein flaum eller eit skred

  • Frårådd: Oppholda seg i nærleiken av og kryssing av elvar og bekkar med stor vassføring eller isgang.
  • Unngå: Bratte skråningar med lausmassar, og elvar og bekkar med stor vassføring, sidan erosjon langs elve- og bekkeløp kan løysa ut skred.
  • Båtkjøring: Kjør ikkje båtar i elver med flaumvassføring: Det kan flyta tre, rundballar og lause gjenstandar som har vorte teke av flaumvatnet.
  • Bilkjøring: Unngå å køyra bil i område med oransje og raudt varsel. Vegar kan verta stengt pga. flaum og jordskred.
  • Behov for hjelp: Kontakt naudetatane og kommune ved behov for akutt hjelp ved flaumfare eller skredfare mot eigen heim. Ved akutte feil eller fare for skade på privat eller kommunal eigedom grunna overvatn, flaum, ras eller liknande, ta kontakt med teknisk vakt på telefonnummer 56 55 34 00.  

Ansvarsfordeling

  • Privatpersonar: Alle har ansvar for din eigen beredskap / vernebuing. Ved flaum og skredhendingar kan det oppstå utfall av straum, drikkevatn, internett og telefon. Vegar kan bli stengt. Tips til eigenberedskap finn du på sikkerhverdag.no.
  • Lokale myndigheiter: Kommunen, Statsforvaltaren og naudetatar er ansvarlege for den lokale / regionale krisehandtering og for å setja i verk tiltak som flytting, evakuering, innhenting av faglig bistand, tekniske undersøkingar, og eventuelle fysiske tiltak. Kontakt kommunen ved behov for akutt hjelp ved flaumfare eller skredfare mot huset ditt. 
  • Regulantar: Har ansvar for å avgrensa flaumskader. Dette kan skje innanfor manøvreringsreglement, ved avvik frå manøvreringsreglement etter tillatelse, eller som pålegg frå NVE. Regulantane skal ha planar for handtering av store flaumar i sine beredskapsplanar.
  • Infrastruktureigarar: Alle infrastruktureigarar som Statens vegvesen, Bane NOR, kraftselskap og andre private selskap har eit ansvar for å driva førebyggande arbeid for å motverka skader som følge av flaum eller skred.