Eiga dialektordbok for Kvam

Som ei lita julegåve, lanserte Kvam herad julafta nettstaden dialekt.kvam.no, ei dialektordbok for Kvam.

Klikk for stort bilete  

I Kvam herad sin kulturminneplan heiter det mellom anna:

Ord og uttrykk er ein del av den immaterielle kulturen. Dialekten i Kvam er interessant, og kan ha ulikt preg frå grend til grend. Frå gamalt hadde Strandebarm og Mundheim, dels òg Tørvikbygd, mykje felles med sunnhordalandsdialekten. Folk i «gamle Kvam» snakka meir likt indre Hardanger. Indre Ålvik fekk ein særeigen dialekt med bokmålstrekk, som ei følgje av den store tilflyttinga som kom med industrireisinga.

Framleis har dialektane med seg noko av desse ulike prega, samstundes som dei utviklar seg vidare, til dømes med innslag av engelsk. Som mange stader, er ein del eldre lokale ord og uttrykk i ferd med å forsvinna. Det kan gje dialektane eit tap av nyansar og presisjonsnivå. Me kan òg registrera tap av konkrete ord og uttrykk som kan ha ein ekstra verdi, på liknande vis som andre kulturminne. Det er viktig kulturminnearbeid å dokumentera det som har gått ut av bruk, eller er i ferd med å gjera det. Men òg på dette området kan ein tenkja vern gjennom bruk, og gjera tiltak for at ord og uttrykk skal leva vidare gjennom daglegtale og skrift.

Då heradsstyret handsama kulturminneplanen i oktober 2018 tok dei også inn prosjektet "Dialektord og uttrykk frå Kvam" som ein del av handlingsplanen for 2020.

Idag – på sjølvaste julaftan – kan me her på kvam.no lansera undersida dialekt.kvam.no, ei dialektordbok for Kvam. Førebels er prosjektet berre ein baby, og dei orda som er lagt inn så langt er frå den fyrste halvdelen av alfabetet, og henta frå «gamle Kvam» (sjølv om mange dei nok er til å kjenna att også andre stader).

Orda som ligg i ordlista no er samla saman av Marie E. Skutlaberg, som har teke utgangspunkt i ulike skriftlege og muntlege kjelder, inkludert også facebookgruppa Gamle ord og uttrykk frå Kvam. Skutlaberg har også spela inn lydfiler med døme på bruk av mange av orda. Kvam herad har på si side bidrege med teknisk støtte, og med å tilgjengeleggjera Skutlaberg sitt arbeid i eit nettbasert format. 

Målet er at ordlista skal halda fram med å veksa, og at det også skal koma inn ord og uttrykk frå andre delar av Kvam herad, i eit samarbeid mellom Kvam herad, Kvam mållag og driftige friviljuge krefter som Skutlaberg.

Wikiløysing

Røynde nettbrukarar vil gjerne leggja merka til at dialektordboka er laga med ei såkalla wikiløysing, tilsvarande til dømes Wikipedia.

Denne løysinga er vald for at det i framtida skal vera enkelt å både redigera og oppdatera ordlista, og for at det skal vera lett å kunna bidra. Førebels er systemet likevel sett opp slik at det berre er administratorar som har tilgang til å redigera og leggja inn nye oppføringar. 

Ynskjer du å bidra? Sit du kanskje med ei eiga liste ord som har vore eller er i bruk i di grend? Då høyrer me gjerne frå deg. Du kan ta kontakt med Marie E. Skutlaberg (epost) eller med informasjonsrådgjevar i Kvam herad, Øyvind Strømmen (epost). Høyr gjerne også frå deg til sistnemnde om du finn feil eller manglar.

Øyvind Strømmen
Informasjonsrådgjevar
E-post
Telefon 56 55 30 74