– Ei klok investering

Statssekretær Sveinung Rotevatn i Klima- og miljødepartementet stod for den offisielle opninga av det nye reinseanlegget på Notaneset onsdag 19. juni.

– Gode reinseanlegg er heilt avgjerande for å hindra spreiing av ureining og for å sikra reine fjordar, sa statssekretær Sveinung Rotevatn, då han stod for den offisielle opninga av det nye reinseanlegget på Notaneset.

– Me får stadig meir kunnskap om miljøutfordringane, og ikkje minst om dei miljøutfordringane som er knytt til avløpsvatnet vårt, som miljøgifter og mikroplast. For å imøtekome desse er me avhengige av denne typen moderne og fleksible reinseanlegg. 

Rotevatn peika på at mange reinseanlegg i dagens Noreg slit med å overhalda dei krava myndigheitene har sett. Ei viktig forklaring på dette er aukande mengder overflatevatn, noko som også heng saman med meir ekstremvær som følgje av klimaendringane. Han nytta også høve til å løfta fram regjeringa sin ambisjon om at Noreg skal verta ei føregangsland i å utvikla ein sirkulærøkonomi, der avfall vert ressursar, istadenfor å gå til spele. – Regjeringa arbeida no med ein nasjonal strategi for sirkulærøkonomi, sa Rotevatn, som understreka at ein slik må famna breitt og involvera ei rekkje ulike departement. – Me er svært interessert i innspel om korleis me kan handtera avfallet vårt betre. 

Ikkje "sexy", men klokt

Opninga skjedde ikkje med ei saks til snorklipp, med med ei mugge.Rotevatn rosa lokalpolitikarane som har vald å investera i det nye reinseanlegg. Han peika på at det å investera i eit slikt anlegg kanskje ikkje er det mest "sexy" i valkampen, men at det var eit teikn på ansvarlege politikarar og eit ansvarleg kommunestyre. – Dette er ei klok investering, sa Rotevatn.

– Me er glade og stolte på vegner av fjorden, og på vegner av bygda, sa ordførar Jostein Ljones i Kvam herad i si tale under opninga. – Det er eit miljøanlegg som står her no, og prosessen som no går føre seg her inne, gjer at me løftar miljøtilstanden i Hardangerfjorden monaleg. 

Ljones peikte på at kommunestyret gjennom å vedta bygging har vore framtidsretta, og minna om at det kunne ha vorte dyrt å venta. – Bygginga gjev oss litt høgare avgifter, men også ein infrastruktur me må ha på plass, understreka ordføraren.