Berre tre ting skal i do

Ein kan pakka inn bodskapen i finare ord, men det enkle er gjerne det beste: Det er berre bæsj, tiss og dopapir som skal i do. 

 

Avløpssystemet i ide fleste norske kommunar er konstruert og dimensjonert for å ta seg av tre ting; bæsj, tiss og dopapir. Når det kjem andre ting inn i avløpssystema skaper det problem, både i leidningsnettet, på reinseanlegg og i naturen. Norsk Vann og Hold Norge Rent har no ein kampanje som set søkjelys på problemet: "Det må du nesten bare drite i".


På Norsk Vann sine nettsider kan du lesa meir om korleis søppel i avløpet skaper eit ureiningsproblem.