Avslutningsmarkering for våre 22 fagskulestudentar

22 fagskulestudentar i Kvam er ferdig med vidareutdanning etter eit samarbeid mellom Fagforbundet, Fagskolen i Viken og Kvam herad.

Bilde 21 av fagskulestudentane samla utanfor rådhuset med rose i handa - Klikk for stort bilete21 fagskuleutdanna studentar frå avdeling helse og omsorg i Kvam

Korleis dette gjekk til

Ein av leiarane våre i pleie og omsorg, Hanne Mari Aarsand, las om denne fagskuleutdanninga i Fagbladet og foreslo at Kvam skulle prøve å få til eit slikt utdanningstilbod lokalt. 

Ho tok kontakt med Sigrun Bøe Perez i Fagforbundet Vestland som igjen snakka med Fagskolen i Viken, som også var interessert i å få til noko her. Dei klarte å rekruttere omlag 30 interesserte, og 22 av desse har no fullført fagskuleutdanninga i observasjon og vurderingskompetanse.

Avslutningsseremoni i Heradsstyresalen

Onsdag 24. mai vart studentane heidra med snittar, kake, rose, kort og ikkje minst talar. Talar som vitna om kor stor denne dagen var. Frå faglærar på Fagskolen i Viken Hilde Lunde Bjørkeng, som sleit stort med å halda tårene tilbake denne dagen, til utdanningsleiar Fredrik Reine Hæren, Siv Haabrekke som tala på vegne av fagstudentane, Sigrun Bøe Perez for Fagforbundet i Vestland, rådmann Anita Hesthamar og til helse og omsorgssjef Terje Langeland. Ord som: stolt, applaus, imponerande, innsats, kompetanseheving og gratulera gjekk igjen hos dei alle.

Perez takka for invitasjonen til avslutningsseremonien og synest det har vore fint å følga studentane denne vegen - på utsida. Ho sier at Kvam herad ligg i førarsete i Vestland. Ved at ein ser at oppgåvedeling er løysinga om ein skal ha nok helsepersonell i framtida. Kompetanseheving er løysinga og det er Kvam eit godt døme på. "De kan vera stolte av dykk sjølve for vel gjennomført" seier ho. Så avsluttar Perez på følgjande vis: Kjære dyktige fagarbeidarar gratulera med vel gjennomført fagskuleutdanning!

Rådmann Hesthamar fokuserte på kor viktig denne kompetansehevinga har vore. Me treng nye måtar å organisera og løysa oppgåvene våre på, noko som er heilt nødvendig for at me skal kunne handtera behovet for pleie- og omsorgstenester i tida framover, seir ho.

Vidare fortel Hesthamar studentane at "De er ein del av framtida til kommunen vår, og eg håpar og trur at de allereie har kjent på at den kompetansen som de no har skaffa dykk, har de alt fått nytta på arbeidsplassen, og vil få meir bruk for framover. Dette krev også at både de, og me andre i kommunen, er opne for endringar."

Heile poenget med studiet er å styrka fagarbeidarkompetansen, og at den får ein større plass i tenestene. Vidare oppmodar ho om å ikkje vera redd for å ta denne plassen og utforda både leiarar og kollegaer for å få brukt dei 60 studiepoenga som dei no har tileigna seg.  

Etter talane venta kake og utdeling av kort og rose til kvar og ein av fagstudentane frå Fagskolen i Viken og Fagforbundet i Vestland. Til slutt fekk me samla alle dei 21 som var til stades denne dagen for eit fellesbilde framfor rådhuset. (Bilde øvst i artikkelen)

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Gjennomføring av studiet

Sidan januar 2022 har faglærar Hilde Lunde Bjørkeng pendla mellom Viken og Vestland anna kvar veke. Ho synsest det er interessant å undervise dei som er nærast pasienten i det daglege og som kjenner pasienten best. Det har vore digital undervisning dei andre vekene.

Faglæraren seier at fagskulane følgjer behova til arbeidslivet. Slik situasjonen er no er det  stor mangel på sjukepleiarar, og det vil vera rekrutteringsproblem både sjukepleiarar og i framtida. Ein må då finne andre måtar og løyse desse utfordringane på. Det er grunnen til dette nye utdanningstilbodet for helsefagarbeidarar, slik at dei får større kompetanse til å løyse fleire oppgåver, som tradisjonelt sett har vore sjukepleiaroppgåver.

Fagskuleutdanninga tek vanlegvis to år, men i Kvam køyrer dei intensivt og skal dei vere ferdige med dei seks modulane etter halvanna år. Kvam herad har lagt til rette for at studentane har fått fri til undervisningstida.

Fakta om utdanninga

Observasjon og vurdering for tidlig oppdagelse av funksjonssvikt og forverret helsetilstand hos pasienter.

Vidareutdanninga består av seks modular:

  1. Observasjons- og vurderingskompetanse
  2. Kronisk sjukdom
  3. Demens
  4. Smittevern og hygiene
  5. Kvardagsrehabilitering
  6. Velferdsteknologi

For å komme inn på studiet må du ha fagbrev i helsearbeidarfaget, ambulansearbeidarfaget eller aktivitørfaget. Du kan også komma inn viss du har studiekompetanse og autorisasjon som helsepersonell. Dersom du har fylt 23 år, kan du også søka om opptak på grunnlag av realkompetanse.