Kvemmingen spel- og dansarlag
Kvemmingen spel- og dansarlag har som føremål å halda i hevd dei eldste formene for spel, dans og song i distriktet vårt. Laget tilbyr opplæring i bygdedans og gamaldans for born, ungdom og vaksne. Opplæring i spel hardingfele og spel toradar vert teke hand om av Kvam kulturskule, medan Kvemmingen vil legga til rette for deltaking på kappleikar, kontakt mot andre lag, arrangering av kurs og sosiale møtestader for dei aktive. Er du nysgjerrig på folkesong, -musikk eller tradisjonsdans? Har du lyst til å lære deg å spele eit folkemusikkinstrument? Har du spelt eller dansa tidlegare og har lyst til å komme i gong att? Ta kontakt! I tillegg til å ta vare på musikken og dansen gjennom utøving, ynskjer me også å formidle gode folkemusikkonsertar ut til publikum. Det gjer me gjennom konsertseriar på Felemakarscenen.
Adresse |
Kontakt |
Kategori |
Kvemmingen spel- og dansarlag
Lysevegen 87
5620
Tørvikbygd
Per Øyvind Tveiten
|
Telefon:
Ikkje registrert
|
Aktivitetar
|
Anna
Ved arrangement brukar laget Vipps nr. 98386.