Reinhald i Kvam

Reinhaldsavdelinga vår består av ca 35 reinhaldarar og ein reinhaldsleiar.

Vaskerobot og reinhaldar i Øystese idrettshall - Klikk for stort bilete

Av dei 35 reinhaldarane våre er det 15 personar som har fagbrev og fem som venter på den praktiske prøven.

Me vaskar alle kommunale bygg som:

  • Skular
  • Barnehagar
  • Sjukeheimar
  • Omsorg
  • Rådhuset
  • Offentlege toalett
  • Notaneset 

Reinhald har hatt ei stor utvikling når det kjem til digitalisering og ny teknologi. Øystese idrettshall har fått ein robot som vaskar om natta. Det er ein stor avlastning for reinhaldarane våre og ein stor auke av maskinelt reinhald. Alle reinhaldarane har fått nettbrett for å kunne sjå kor, og kva dei skal vaske - kvar dag.

På Kvam brannstasjon har me prøvd ut sensorteknologi. Det vil sei at ein trykker på ein knapp og så mottek reinhaldsleiar ein e-post på at det trengs reinhald på ein av områda på brannstasjonen. Me har også sensorar på toaletta ved Steinsdalsfossen for å sjå kor mange som går inn på toaletta kvar dag. På nesten alle store bygg har me golvvaskemaskiner eller I-mopp for å bevara golvene. Dette gjer jobben til reinhaldarane mykje lettare.

Reinhaldarane er spreidd over ein langstrakt kommune og me har difor fire heildagssamlingar i året, då tar me opp særskilte fag som smittereinhald og digitalisering.  Hausten 2023 skal me ha om arbeidsmiljø og arbeidsmoral. 

Lenker til meir informasjon to av våre vaskerobotar: