Hogst, trefelling og rydding på kommunal grunn

Dersom du er nabo til tre eller buskar på kommunal grunn som du synest er til skade eller ulempe for deg, kan du søkja om hogst og rydding på kommunal grunn. For å søkja, bruker du eit digitalt søknadsskjema.

Kommunen vurderer søknaden etter mellom anna følgande kriterier:

  • rammer gjeve i lov om rettshøve mellom grannar (nabolova)
  • reguleringsplanar, lover og føresegner, samt andre vedtak
  • ulemper av omsyn til sol og ljos i høve plasseringa av trea, kor høge dei er og kor tett dei står
  • eventuell risiko
  • om det er semje eller usemje i nabolaget
  • estetisk påverknad på området
  • klimatiske tilhøve, til dømes endra vindeksponering og erosjon
  • art, alder og tilstand på trea, samt omsyn til biologisk mangfald på staden
  • prioritering av dette kommunale området i høve andre område

Kommunen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som kan fellast, og det er ikkje lov å starta arbeidet før løyve er gjeve.

Tiltaket vil normalt på gjennomført på ein av følgande måtar:

  • Søkjaren feller trea, får veden og ryddar området (normal prosedyre)
  • Kommunen feller trea av omsyn til tryggleik. Behovet vert vurdert i kvart tilfelle. Søkjaren kapper, ryddar området og får veden.
  • Kommunen fell og ryddar. Gjeld til dømes for kommunalt drifta parkar, leikeplassar og balløkker.

Det vil gå fram av svarbrev om tiltaket kan gjennomførast, og eventuelt om korleis det skal gjerast.

Eventuell sjølvtekt kan medføra politimelding og / eller krav om erstatning.